Har fått typegodkjenninga over eit halvår før dei må
Typegodkjenninga gjeld for deira cybersikkerheitsnotasjon på kontroll- og overvakningssystemet til Orca Energy Storage System (ESS)
Dette betyr at Corvus Energy sitt kontroll- og overvakingssystem, saman med datainnsamling gjennom Lighthouse, har fyllt alle krav til sikkerheit, kvalitet og ytelse knytta til cybersikkerheit, skriv dei i ei pressemelding.
Desse krava er skissert av DNV sine regler for klassifisering, og er innanfor kravspesifikasjonen E27, (Ships Pt. 6 kap. 5, avsnitt 21 Cybersikkerhet, på linje med IACS UR E27.)
Corvus Energy har oppnådd denne milepålen i god tid før fristen som er sett av i International Association of Classification Societies (IACS) for å gjera cybersikkerheits krav obligatorske for nybygg som vert bygd etter 1. juli 2024.
E27 handlar i korte trekk om cybersikkerheiten rundt systema og utstyret om bord i skipet. Det er eit krav alle leverandørar må forholda seg.
I pressemeldinga frå Coruvs Energy skriv dei at dette demonstrere deira forpliktingar til å sikra den ytterste sikkerheit og beskyttelse for deira energilagringssystem og dataene dei handterar.
Endra tilnærming
Dei siste åra har Coruvs endra si tilnærming til overvaking og dataanalyse, skriv dei i pressemeldinga. Innsamling av data frå hundrevis av systeminstallasjonar og etablering av Coruvs Vessel Information Portal har betra selskapet si evne til å overvaka og analysera systemytelsar.
Dette gjer det mogelg med fjernovervaking, noko som kan spara tid og kostnader for reiar, hevdar dei.
Senior Vice President for Regulatory Affairs i Corvus Energy, Kolbjørn Berge, understrekar betydningen av å oppnå DNVs Typegodkjenning for Cyber Security.
- Datainnsamling og maskinlæring er nøkkelen til å få djuptgåande driftskunnskap og sanntidsdiagnostikk av batterisystemet. Konstant overvakning gjer oss i stand til å sjå at systemet brukast rett, og det aukar sikkerheita betydleg ettersom me kan oppdaga unormale verdiar på eit tidleg stadium og ta grep før dei vert kritiske.
Les også:
-
Skal leverer batterier til verdens første nullutslipp subsea konstruksjons fartøy
Corvus Energy er valgt av HAF Power Solutions (HPS) som leverandør av batterisystem til et nytt Energy Subsea Construction Fartøy (ESCV) som skal bygges for rederiet REM Offshore.
-
Leverandør sikrar gigantordre på motorar i Kina – DNV meiner drivstoffet blømer
Wärtsilä skal levera motorar som går på metanol, eit alternativt drivstoff DNV meiner vil bre om seg i Kina dei neste åra.
-
Oslo tar plassen til Tokyo i ny rapport fra DNV
Oslo er kåret som en av de fem mest betydningsfulle maritime byene i verden, ifølge en fersk rapport fra DNV og Menon Economics.
-
Har kartlagt trusselbilete i ny rapport
Den årlege rapporten frå NORMA Cyber, Annual Threat Assessment, er kommen.
-
Halvveis i byggingen av verdens største batterielektriske ferge
Byggingen av det som skal bli verdens største batterielektriske ferge har nå passert halvveis ferdig.