Sjømat er viktig for folkehelsa
-Å få folk vekk frå fiskefatet kan få alvorlege konsekvensar for folkehelsa. Det sa Margritt Brustad frå Institutt for samfunnsmedisin i si innleiing på møtet i Nordområdeforumet i Tromsø fredag.
Kari Johanna Tveit
Er det trygt å ete norsk sjømat? Det var temaet
på møtet i Nordområdeforumet som vart arrangert
i Tromsø fredag. Frå politisk hald deltok både
Miljøvernminister Helen Bjørnøy og politisk
rådgjevar i Fiskeri og kystdepartementet Kari Anne Larsen. I
tillegg deltok Rasmus Hansson frå WWF, Jarle Klungsøyr
frå Havforskningsinstituttet og Margritt Brustad frå
Institutt frå samfunnsmedisin. Svein Berg frå
Eksportutvalget for fisk var debattleiar.
Miljøvernminister Helen Bjørnøy var klar i
talen når ho framheva at alle har eit ansvar for
miljøet, og at alle stoff som vert slept ut i naturen har
ein konsekvens. Ho påpeika at det vert arbeida med opprydding
av miljøet, mellom anna i fjordsystem som i dag er så
forureina at det vert gjeve kosthaldsråd for inntak av
sjømat frå desse områda. I tillegg framheva
miljøvernministeren at politiske myndigheiter arbeidar
både nasjonalt og internasjonal for å få bukt med
miljøproblema. Her viste ho mellom anna til kor viktig det
er å få bukt med all forureininga som kjem nordover med
havstraumane.
Rassmus Hansson påpeika at oppdrettsnæringa har
pådratt seg ei rekkje miljøkrigar som kan vere til
skade for næringa. Han meinar feit fisk er giftig og syns det
er vanskeleg å seie til folk at det er greit å ete den
så lenge den inneheld miljøgifter.
Etter Hansson si innleiing la Margritt Brustad frå Institutt
frå samfunnsmedisin fram eit reknestykke der ho samanlikna
faren for å få kreft ved inntak av miljøgifter
gjennom fisk og faren for å dø av livsstilssjukdommar
dersom ein ikkje et fisk. Og konklusjonen hennar var heilt klar.
- Kosthaldsråd som får folk vekk frå fiskefatet
vil kunne få alvorlege konsekvensar for helsa vår, sa
Brustad til deltakarane på møtet.
Geir Ove Ystmark i Fiskeri og havbruksnæringens
landsforening framheva i sitt innlegg under debatten at
havbruksnæringa tek utfordringane om miljøgifter i
fisken på alvor, og påpeikar at det alt er gjort masse
for å reinse fôret.
Svein Berg i Eksportutvalget for fisk var debattleiar, og han
oppsummerte møtet slik:
- Det er trygt å ete norsk sjømat, og dei som ikkje
gjer det er dumme.
Publisert: 06.06.06 kl 07:00
|