- levert av Norsk Fiskeoppdrett

- Den største rikssynsaren finn vi på Frøya

- Det er mange skråsiker synsarar langs elvebredda, men det kan verke som vi finn den største rikssynsaren på Frøya, seier Morten Welde i Stjørdal Jeger og Fiskeforeining. Han går sterkt imot Frode Reppe sine påstandar om feil ved prøvetakinga i Stjørdalselva

Kari Johanna Tveit

Sist veke sa Frode Reppe i Frøya Arbeidarparti til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at det er prisverdig at Riksrevisjonen no vurdera ein gjennomgang av grunnlagsmaterialet for den mykje omtala rapporten om Havbruksnæringa. Han meina påstandane om høgt innhald av oppdrettslaks i elvane i Riksrevisjonen sin rapport om havbruksnæringa, baserar seg på trendtal, og ikkje på forsking som viser kor mykje oppdrettslaks ein faktisk finn.

I tillegg meina Reppe det vert gjort vesentlege feil ved at mange fiskarar berre sender inn skjelprøver av laks som dei i utgangspunktet trur kan vere rømd oppdrettslaks. Spesielt meina han at dette har føregått i Stjørdalselva der undersøkingar tyder på at innslaget av rømd oppdrettslaks er vesentleg høgare enn i dei fleste andre elvane rundt Trondheimsfjorden.

Reagera sterkt

Men Reppe får sterke reaksjonar på påstandane sine, og Morten Welde som er leiar i fiskeutvalet i Stjørdal Jeger- og Fiskeforeining er ikkje einig i framstilling av korleis skjelprøvetaking føregår i Stjørdalselva. Han ønskjer ikkje å gå inn i nokon offentleg diskusjon med Reppe, men pramhevar at påstandane om at det berre blir tatt skjelprøver av fisk som ein trur er villaks, er direkte feil.

Les også: -Vi har ingen indikasjonar på at Reppe sine påstandar stemmer

Morten Welde

Morten Welde i Stjørdal Jeger- og Fiskeforeining går sterkt imot Frode Reppe sine påstandar om feil ved prøvetakinga i Stjørdalselva.

Har samla inn prøvar i mange år

I samarbeid med elveeigarlaget i Stjørdalsvassdraget har den lokale fiskeforeininga samla inn skjelprøver frå fisk som er fanga i elva til bruk for forskingsformål i over ti år. Frå 2011 vart desse prøvene sendt til Veterinærinstituttet for å avdekke kor mykje oppdrettslaks det er i elva.

Totalt vart det tatt skjelprøver av 941 fisk i 2011, noko som utgjer over halvparten av laksen som vart avliva. Av desse vart sju prosent sikkert klassifisert som rømd oppdrettslaks.

Fagleg godt forankra

Welde reagera sterkt på Frode Reppe sin kritikk av prosjektet og meina det er fagleg godt forankra.

– Dette er eit samarbeid mellom Elvane rundt Trondheimsfjorden (ERT) og Salmar og bidreg utvilsamt til å skaffe ny kunnskap om kor mykje oppdrettslaks som går opp i elvane i fiskesesongen. Prosjektet er godt fagleg forankra og har stor oppslutning blant fiskarar og dei som eige fiskerettane, seier Welde til Norsk FiskeoppdrettKyst.no.

Tips andre

(for å sende til flere samtidig, bruk komma mellom epost-adressene)