- levert av Norsk Fiskeoppdrett

Også positiv utvikling i Hardanger

Avisene melder om mykje villaks i elvane i heile landet, og denne situasjonen gjeld også Hardanger. –Vi registrerar eit rimeleg godt innsig av laks både frå 2009 og 2010-årgangen, seier Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag.

Kari Johanna Tveit

Rapportar om mykje og stor laks i mange elvar og vassdrag på Vestlandet, for andre år på rad, gjev eit positivt bilde av situasjonen for villaksen i regionen. Dette gjeld også elvane i Hardanger, og Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord villfisklag omtalar det historisk sett som eit normalår.

Han registrerar det han omtalar som eit rimeleg godt innsig av mellomstor laks frå den årgangen som gjekk ut i 2010. I tillegg er det ein del storlaks frå 2009-årgangen.

Ni av totalt ti lakseførande vassdrag i Hardangerfjorden er ifylgje Pedersen stengde for fiske etter laks, men sidan dei har lov å fiske sjøaure, er det også mogeleg å registrerer lakseinnsiget.

Får det endelege svaret til hausten

Men sjølv om det vert gjort positive registreringar med tanke på innsiget til elvane i Hardangerfjorden, får ein først det fullstendige bilete etter gyteteljingane til hausten.

- Då er det Uni Miljø som snorkla, dykka og registrera laks på gyteplassane. Dette arbeidet har vore gjennomført i mange år, og her har vi lange tidsseriar med data, og gode samanliknbare tal, seier Pedersen.

Svein Helge Pedersen, Hardangerfjord Villfisklag

Svein Helge Pedersen i Hardangerfjord Villfisklag omtalar årets laksesesong som eit normalår, historisk sett.

Prosentvis mindre oppdrettslaks

Når det gjeld det prosentvise innslaget av rømd oppdrettslaks var dette ifylgje Pedersen mykje mindre i fjor enn tidlegare år. Men årsaka er at talet på villaks som kom attende var større enn det ein har sett i desse elvane på lang tid. Kva som skjer i år veit han enno ikkje noko om.

Lite lus på laksen

Pedersen har ikkje registrert mykje lus på villaksen som kjem inn, men det overraskar han heller ikkje sidan laksen berre går rett igjennom fjordsystemet og opp i elva.

- Lakselusa er ikkje ei utfordring for den fisken som vende attende til kysten og elvane for å gyte. Det er den utvandrande smolten som har problem, seier Pedersen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Treng fleire slike sesongar

Ifylgje Svein Helge Pedersen er det mange laksefiskarane som har korttidsminne, og det som vart omtala som eit svart godt år for villaksen i fjor, vil han kalle eit tilnærma normal år historisk sett. Men det gav eit godt grunnlag for å bygge opp bestanden i vassdraga i åra som kjem.

- God gytebestand er viktig, men vi må ha fleire slike sesongar for at vi skal kunne sei at villaksen i Hardanger er redda, seier Pedersen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Tips andre

(for å sende til flere samtidig, bruk komma mellom epost-adressene)