- levert av Norsk Fiskeoppdrett

Opphevar forbod mot lysfiske

Uttaket av bifangst under lysfiske er svært lite og gir ikkje grunn til bekymring, viser rapport frå Fiskeridirektoratet. Rapporten har ført til at Fiskeri- og kystdepartementet opphevar forbodet mot lysfiske.

Fiskeri- og kystdepartementet avgjorde hausten 2010 at det skulle vere ei observatørordning i lysfisket etter sild og brisling langs kysten aust for Lindesnes. Formålet med observatørordninga var å kartleggje bifangst av blant anna kysttorsk i lysfisket etter sild og brisling, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Bakgrunnen for å overvake lysfisket var blant anna situasjonen for kysttorsk og lokalbefolkninga si bekymring for følgja av lysfiske.

Fiskeridirektoratet region sør gjennomførde ei detaljert observatørordning, og no er rapporten frå eit fleirårig arbeid klar.

– Observasjonane til Fiskeridirektoratet viser at bifangst i kontrollperioden utgjorde betydeleg mindre enn éin prosent av silde- eller brislingfangstane (0,3 prosent), fortel Ove Knappskog, som er seksjonssjef for ressurskontroll ved Fiskeridirektoratet region sør.

Rett nok kan det statistisk hevdast at det samla talet kontrollar var få, men resultata peiker likevel alle i same retning.

– Etter vurderinga til Fiskeridirektoratet utgjorde bifangst av blant anna kysttorsk i lysnotfisket ikkje eit bekymringsfullt uttak av torsk eller andre fiskeslag, seier Knappskog.

Havforskingsinstituttet vil bli bede om å vurdere økosystemeffektane ved bruk av ljos.

Tips andre

(for å sende til flere samtidig, bruk komma mellom epost-adressene)