- levert av Norsk Fiskeoppdrett

Liten effekt på villaksen

Resultat frå forsking gjennomført av Rådgjevande Biologar i Bergen kan tyde på at oppdrettslaksen har liten negativ effekt på villaksen. Selskapet presentera fleire nye forskingsrapportar.

Tiltak som oppdrettsnæringa har gjennomført for å hindre rømming har ifylgje Rådgjevande Biologiar gjeve resultat i form av reduserte mengder med rømd oppdrettslaks i elvane. Det kjem fram i ein artikkel i Dagens Næringsliv før helga.

Instituttet i Bergen stiller også spørsmål ved påstandane om at lakselus har sterk negativ effekt på villaksen. Dei klarer ikkje å påvise forskjell i elvar med mykje oppdrettsaktivitet i nærleiken og i elvar der ein ikkje har slik aktivitet.

I tillegg har mengda med villaks i elvane auka dei siste åra, trass i at mange har spådd større aktivitet i oppdrettsnæringa ville medføre det motsette.

Les rapportane frå Rådgjevande biologar her:

Skjelprøvar frå Sogn og Fjordane

Lågt innslag av rømt oppdrettslaks i elvar på Vestlandet i 2011

Faktaark med resultata for dei einskilde elvane frå alle tre Vestlandsfylka

Tips andre

(for å sende til flere samtidig, bruk komma mellom epost-adressene)