Storaksjon mot lakselus
Mattilsynet gjennomfører i vinter ein kampanje med koordinert vinteravlusing i oppdrettsanlegg frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord. Målet med aksjonen er å få ned lusemengda og dermed gje villaksen og sjøauren betre sjanse til å overleve.
Lakselus er eit alvorleg trugsmål mot stammane av villaks og
sjøaure, og Noreg har ein særskilt internasjonal plikt
til å verna om desse unike artane, skriv Mattilsynet.
- Alle må lyfte i flokk
Fleire fag- og forvaltingsinstansar, inkludert næringa, har
uttrykt ynskje om at Mattilsynet må kome sterkare på
banen og gjere noko med lakselusproblemet i tilknyting til
villfisken.
- I heile haust har Mattilsynet difor jobba tett med
fagmiljøa, fiskehelsenettverka, fiskehelsetenesta og
næringa for å kome fram til den beste mogelege
framgangsmåten for å gjere noko med luseproblematikken,
fortel Ragnar Thorarinsson i Mattilsynet.
Det er fyrste gong i oppdrettshistorien at ein så stor og
koordinert avlusingsaksjon vert gjennomført.
Erfaring frå fiskehelsenettverka syner at godt organisert og
samordna vinteravlusing er vegen å gå. Mattilsynet vil
nytte seg av denne erfaringa i kampanjen som omfattar oppdrettarar
langs heile Vestlandet.
- Skal vi lukkast er det heilt avgjerande at absolutt alle deltek
og gjer jobben sin til rett tid. Difor kjem alle oppdrettarane til
å verte pålagt å delta, seier Thorarinsson.
Mattilsynet presenterte nyleg kampanjen på eit møte
med oppdrettarar frå Rogaland til og med Møre og
Romsdal.
- Tilbakemeldingane var særs positive, og min oppfatning er
at alle ynskjer å gjere sitt for at aksjonen skal lukkast. Vi
fekk òg diskutert ulike praktiske problem, og rydda av vegen
mange av dei utfordringane som kan dukke opp.
Aksjonsstart i desember
No gjenstår det å få dei siste detaljane på
plass.
- Vi reknar med at opplegget og planane er heilt klare i byrjinga
av november, og då vil alle aktuelle oppdrettarar få
informasjon og instruksjonar, lovar Thorarinsson.
I aksjonen skal oppdrettarane fyrst rapportere inn tall på
lus på eit bestemt tidspunkt til det lokale distriktskontoret
i Mattilsynet. Avhengig av lusenivået og kvar anlegget ligg,
vil dei så få instruks om når dei skal
gjennomføre lusebehandlinga. Sjølve lusebehandlinga
vil sannsynleg starte i midten desember i sør, og så
fortsetje i bestemte områder nordover til ut på
nyåret.
- Kyststraumen går nordover, og difor må òg
vinterkampanjen gå nordover som ein samorda
”avlusingsbølgje”.
Veterinærinstituttet og Havforskningsinstituttet skal saman
evaluere kampanjen. Avhengig av resultatet frå denne runden
kan det bli aktuelt å gjennomføre ein ny
avlusingsrunde til våren for å få eit best
mogeleg resultat.
Mattilsynet vil kome med meir informasjon om aksjonen så
snart opplegget er klart.
Publisert: 24.10.07 kl 07:53
|