Økokrim til Gratangen
Måndag kjem to taktiske etterforskarar frå miljøteamet i Økokrim til Gratangen. Dei skal delta i arbeidet med å finne årsaka til at 60 000 ILA-smitta laks har rømt.
Kari Johanna Tveit
Fredag den 16 november bekrefta Mattilsynet sitt distriktskontor i
Harstad at laksen i eit oppdrettsanlegg i Gratangen var infisert av
ILA. Veka etter rømde 60.000 laks frå anlegget.
Fiskeridirektoratet har meldt rømminga til politiet og
måndag kjem to etterforskarar frå Økokrim til
Gratangen for å bistå Lensmannskontoret i arbeidet med
å finne årsaka til rømminga.
Roald Berntsen ved lensmannskontoret i Salangen seier til Norsk
Fiskeoppdrett/kyst.no at det er gjennomført
åstadgransking i samarbeid med Fiskeridirektoratet, men han
vil ikkje kommentere om det er misstanke om sabotasje.
-Mandag får vi bistand frå to etterforskarar i
Økokrim og før den tid vil eg ikkje kommentere saka
nærmare, seier Berntsen til Norsk
Fiskeoppdrett/kyst.no.
Politiet skal samarbeide med Fiskeridirektoratet og Mattilsynet i
arbeidet med å finne årsaka til rømminga.
Publisert: 30.11.07 kl 07:00
|