Ministeren trosser direktøren
Aqua Nor: Fiskeri og kystminister Helga Pedersen trosser råda frå fiskeridirektør Liv Holmefjord når ho gjev næringa løyve til å auke produksjonen av laks og aure med fem prosent i 2010. Holmefjord ville ha forsking før produksjonsauke.
Kari Johanna Tveit
Fiskeridirektør Liv Holmefjord og Fiskeridirektoratet har
gjeve regjeringa og fiskeri- og kystminister Helga Pedersen
råd om å ikkje auke veksten i produksjonen av laks og
aure i 2010. Holmefjord ville først ha meir midlar til
forvaltingsretta forsking for å utvikle eit faktabasert og
kunnskapsbasert regelverk.
Trass i dette innspelet meinar Pedersen at Fiskeri og
kystdepartementet handlar i tråd med Fiskeridirektoratet sine
råd når det vert lagt til rette for ein produksjonsauke
på fem prosent. Dette forklarar ho med at dei no vil gå
inn å vurdere kva regionar ein ikkje tilrår vekst i
denne omgang. Det handlar i første omgang om
Hardangerfjorden og Nasjonale Laksefjordar, men ho
førespeglar også at andre områder vil bli
vurdert som freda for vekst i 2010.
Innrømmer
usemje Fiskeridirektøren innrømmer
ovanfor Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no at statsråden i denne
samanhengen ikkje handlar i tråd med Fiskeridirektoratet sine
faglege råd.
-Eg ville at det skulle settast av midlar til forvaltingsretta
forsking før ein auka den nasjonale produksjonen av laks og
aure enno meir, men eg registrera jo at Helga Pedersen vel å
gjere dette parallelt, seier Holmefjord til Norsk
Fiskeoppdrett/kyst.no. Ho legg til at ho er svært positiv til
regjeringa si satsing på forsking i denne samanhengen.
Fiskeridirektoratet og WWF er einige Maren
Esmark i WWF framhevar at Fiskeri og kystminister Helga Pedersen
ignorerar råda frå Fiskeridirektoratet og
påpeikar at WWF og Fiskeridirektoratet er veldig einige i
denne saka.
Publisert: 19.08.09 kl 07:00
|