Vil ha slutt på at oppdrettsnæringa tek bit for bitFiskarlaget Vest ber om at styresmaktene no må vurdera søknader om oppdrettsverksemd i ein samanheng, slik at det ikkje berre vert ført ein bit for bit-politikk. Fiskarlaget er uroa over at den nye Hardanger-forskrifta fører til press på anna sjøareal. Fylkesfiskarlaget for Hordaland og Rogaland meiner det er på tide å få gjennomført kvalifiserte vurderingar av kva eit større område kan tola av oppdrett, i tillegg til anna utslepp til sjø. Mange søkjarar Fiskarlaget har fått til uttale fleire søknader frå selskap med oppdrettsanlegg i Hardangerfjord-området som vil ha nye lokalitetar utanfor sjøareala som er omfatta av den nye forskrifta. Det vert konstatert at desse søknadene mest sannsynleg kjem av di oppdrettarane ønskjer å vera i posisjon til å vera med på eventuelle tillatte biomasseauker i framtida. Skjærgårdsfisk Fiskarlaget meiner at styresmaktene må definera kva som er ein akseptabel negativ påverknad frå oppdrettsnæringa på anna næring, som villfisknæringa, og då tenkjer laget ikke berre på laksefiskarar. Dei minner i denne samanhengen om problemet med sei som eter seg feit på oppdrettsfôr som flyt ut av merdene. Ein god del sei endar opp med ein forringa kvalitet som gjev dårleg pris. Fortøyningar
Publisert: 28.07.10 kl 07:00 |
Utskriftsvennlig side
Tips andre












