Fisketransportør trugar med å flagga ut 33 vogntogEin av dei største fisketransportørane i Noreg, Byrknes Auto i Gulen, trugar no med å flagga ut heile bilparken. Mest sannsynleg vert då bilane frå Gulen registert i Polen eller eitt av dei baltiske landa. - Vi merkar no at anboda og lasta forsvinn til billegare aust-europeiske selskap. Og det er kun på pris vi taper, seier administrerande direktør Stein Inge Larsen i Byrknes Auto til NRK Sogn og Fjordane. Han har hundre sjåførar og 33 bilar i selskapet som har hovudbase på Byrknes i Gulen. Transportøren har spesialisert seg på frakt av fisk. Køyrer gratis Samstundes må norske transportselskap betale både bom og dieselavgift. Skilnaden i pris per transportoppdrag blir på fleire tusen kroner. I dag blir norske lastebileigarar i stadig større grad utkonkurrert av utanlandske transportselskap som pressar ned prisen på last langs norske vegar. - Blir det ikkje likare vilkår her, så må eg flytte ut av Noreg. Då er det i Baltikum eller Polen eg må registrere bilane mine, seier Stein Inge Larsen. Høgre-forslag Norsk Lastebileigarforbund støttar forslaget frå Høgre.Fylkesleiar Per Andreas Øren i Norges Lastebileier Forbund (NLF) i Sogn og Fjordane seier til NRK at tusenvis av arbeidsplassar i næringa kan ryke. Dei vil forsvinna over til utanlandske køyretøy. Fylkesleiaren meiner at dei utanlandske transportørane bør betale for å komme inn i landet. NLF krev at dei alle får autopass-brikke ved innpassering til Norge, slik at dei er med og betalar bompengar. Andre land tek betalt av utanlandske køyretøy. NLF meiner i tillegg at utanlandske lastebilar tar med seg altfor mykje diesel inn i landet, til dårleg kvalitet, som mellom anna gir meir forureining.
Publisert: 29.07.10 kl 07:00 |
Utskriftsvennlig side
Tips andre





















