Vel blåst for Tromsø-studentane
Tromsø: Studentane frå Noregs Fiskerihøgskule med Mads Martinsen i spissen får mykje ros for gjennomføringa av årets Håp i Havet. Dei fekk sentrale næringsaktørar og politikarar til å møte opp og vere aktive både som hovudinnleiarar og under rekrutteringsforedraga.
Kari Johanna Tveit
I går gjekk årets Håp i Havet av stabelen
på Noregs Fiskerihøgskule og Universitetet i
Tromsø og studentane klarde fint å innfri
forventningane som programmet med det stjernespekka innleiarpanelet
hadde gjeve deltakarane på konferansen på
førehand.
Lisbet Berg-Hansen hadde fokus på
kompetanse
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg Hansen hadde fått
æra av å opne konferansen og hennar viktigaste bodskap
denne gongen var å motivere ungdommen til ei karriere i
fiskeri- og havbruksnæringa. Ho gav dei litt av si eiga
historie og innrømma at ho var litt misunnelig på
studentane, før ho la tyngda på kor viktig det er for
både næringa og for kysten at ein klarer å
rekruttere folk med kompetanse.
-Rekruttering og kompetanse er heilt avgjerande
nøkkelfaktorar for at næringa skal ha ei framtid, sa
statsråden til studentane og næringsaktørane i
salen. Ho la også vekt på at fiskeri- og
havbruksnæringa har behov for ulike typar kunnskap og nemnde
spesielt at det er viktig å forstå andre kulturar og
andre språk når ein skal ut i marknaden med
produkta.
Tema med stor breidde Elles fekk deltakarane
på Håp i Havet høyre både om marin
bioprospektering, næringa si situasjon etter finanskrisa, kva
som skal til for å utvikle næringa vidare,
sjømat og helse, oppdrett som ei livskraftig
framtidsnæring, utfordringar i marknaden, situasjonen
på Island og sist men ikkje minst mogelegheitene for
utvikling av nye marine artar. Alle innleiarane hadde fått i
oppdrag å snakke med utgangspunkt i kva dei ser av
utfordringar og mogelegheiter på vegen vidare.
Det handlar om skaparkraft
Som avslutning på runda med innleiingar snakka Erna Solberg
frå Høgre om næringsutvikling i
nordområda. Her la ho stor vekt på at dette handlar om
skaparkraft og stilte spørsmål ved korleis vi skal
få til ei utvikling som kan bere det velferdsnivået vi
har vidare.
-Det er det som er den største utfordringa, sa Solberg til
forsamlinga og framheva at vi er nøydde å finne rom
til investeringar i forsking, innovasjon og infrastruktur. For
å konkretisere bodskapen sin viste ho til at ein er
nøydd å sikre at ein del av ungdommen i nord skaffar
seg kompetanse i russisk språk og kultur dersom det er eit
mål å betre samhandlinga med russarane. Ho var
også opptatt av at ein må ha mange bein å
stå på, men at det ikkje er politikarane si rolle
å plukke ut kva næring som vil ha best suksess i
framtida.
Ein brokete paneldebatt
På same måte som med innleiarpanelet hadde studentane
på Noregs Fiskerihøgskule klart å skaffe eit
stjernespekka debattpanel med Erna Solberg og tidlegare fiskeri- og
kystminister Helga Pedersen i spissen. I tillegg deltok Oddmund
Åsen i Sparebank 1 Nord Noreg, Steianr Eliassen i Norfra,
Trygve Myrvang i Noregs Råfisklag og Kurt Willy Oddekalv i
Noregs Miljøvernforbund. Debattleiar var Bjørn Hansen
som tidlegare har vore utanrikskorrespondent for NRK.
Men sjølv om studentane hadde samla fleire innleiarar med
lang erfaring, var ikkje paneldebatten like vellukka som resten av
konferansen. Hovudteamet for denne delen av programmet skulle vere
næringsutvikling i nordområda, men det vart synsing om
mangt og mykje. Dersom ein skulle dele ut skår til
debattantane er det Trygve Myrvang i Noregs Råfisklag som
toppar lista medan Kurt Willy Oddekalv hamna desidert nedst
både i høve til tema og ikkje minst ordval. Myrvang
heldt seg til sitt fagområde og framheva at ein treng ei
samhandlingsreform på lik linje med det som no vert
gjennomført innan helsesektoren. Han kopla det til behovet
for kompetanse, at vi må tenke produksjon i Noreg og til at
vi må ta grep ovanfor marknaden.
For store sko
For Oddekalv vart skoa litt for store samanlikna med resten av
panelet. Han prøvde seg med å sei at kompetansen i
forvaltninga og i sentrale forskingsinstitusjonar ikkje heldt
mål, men vart raskt parert av Helga Pedersen som viste klart
og tydelig at ho har kunnskap på dette området. Elles
brukte Oddekalv omgrep som drit og skit om oppdrettsnæringa
og oppdrettarane vart omtala som puddingar, før han til
slutt kom fram til at han eigentleg ikkje var imot oppdrett. Med
dette som utgangspunkt var det heller ikkje overraskande at
studentane i salen ikkje hadde eit einaste spørsmål
til Oddekalv.
Eit velmeinande råd
Dersom ein skal kome med eit råd til dei studentane som skal
ha ansvaret for Håp i Havet i 2011, vil det vere å
gjere noko liknande som ved årets konferanse på alt
utanom tema for paneldebatten. Ein bør stile høgt og
ha flinke og kjende innleiarar, men når det gjeld tema
bør ein kanskje nytte høvet til å få
både politikarar, næringsaktørar og studentar
til å tenke ilag om korleis ein skal sikre rekruttering og
kompetanseheving i næringa og i distrikta. Med god
planlegging kan deltakarar på Håp i Havet fungere som
eit kreativt forum for korleis ein skal få dette til.
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen heldt
opningsføredraget under årets Håp i Havet som
vart arrangert ved Noregs Fiskerihøgskule/Universitetet i
Tromsø i går.
Publisert: 05.02.10 kl 08:00
|