-Uetisk å seie nei til oppdrett
Håp i Havet: -Oppdrett er den aller mest effektive måten å produserer mat på. Difor vil det vere uetisk dersom Noreg skal seie nei til å utvikle oppdrettsnæringa vidare. Det sa Atle Mortensen i Nofima Marin til deltakarane på Håp i Havet sist veke.
Kari Johanna Tveit
Under den årlege konferansen Håp i Havet som vart
arrangert ved Noregs Fiskerihødgskule/Universitetet i
Tromsø sist veke hadde Atle Mortensen i Nofima fått i
oppdrag å snakke om utvikling av norsk oppdrettsnæring
i framtida. Eit av hovudpoenga i innlegget hans var at Noreg har
naturgjevne tilhøve for å drive med oppdrett i
sjø, og at det difor er etisk rett at vi gjer akkurat
dette.
Han gjekk heilt attende til istida, for å underbygge
påstandane sine, og framhevar at isen sine herjingar har
gjeve oss gode fjordar på same tid som Golfstraumen gir oss
gode temperaturar for å drive matproduksjon i sjø.
Difor har vi også eit globalt ansvar for å gjere
det.
Vi er smarte og innovative
I tillegg til at vi har dei naturgjevne tilhøva for å
produsere mat i sjøen, har norsk oppdrettsnæringa
også vore effektiv og dyktig med tanke teknologiutvikling og
å få til ein biologisk god produksjon.
-Høge kostnadar har tvinga oss til å vere smarte og
innovative, og vi har eit godt samspel mellom næring og
forsking, sa Mortenesen.
Eit etisk ansvar for å drive med
oppdrett
I ein samtale med Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no etterpå
framheva han poenget med kvifor han meinar Noreg har eit etisk
ansvar for å drive matproduksjon i sjø.
-Vi driv ein ressursmessig effektiv produksjon, vi har dei
naturgjevne tilhøva og vi ha kunnskapen. Er det då
etisk rett å sei nei til å produserer mat langs
norskekysten, spør Mortensen. Han kan ikkje forstå at
vi kan sei nei til oppdrett fordi vi ikkje vil sjå anlegga
frå hytta vår. Skal vi overlate til andre å
produsere mat, medan vi set på hytta å nyt utsikta,
spør han.
Noreg ein del av verda
Atle Mortensen frå Nofima Marin i Tromsø
innrømmer at den norske matproduksjonen vert liten i den
store samanhengen, men han syns ikkje vi har rett til å sei
nei til å produsere mat av den grunn.
-Vi er sjølvsagt små i verdsmålestokk og i
høve til verdas befolkning, men inneber det at det er etisk
rett å sei at vi vil ha naturen vår for oss
sjølv, spør Mortensen til slutt.
Publisert: 08.02.10 kl 07:14
|