Ingen planlagde aktivitetar i Vancouver
Organisasjonen Pure Calmon Campign sine planar om å boikotte norsk laks under OL får stor merksemd i norsk presse. Men EFF har ingen planar om å promotere norsk laks under OL i Vancouver.
Kari Johanna Tveit
I fylgje NRK og NTB vil organisasjonane Pure Salmon Campaign og
Wild Salmon Circle boikotte norsk laks under OL som startar i
Vancouver neste veke. Men Eksportutvalet for fisk (EFF) er ikkje
offisielt representert i OL-byen.
-Vi har ingen av vår tilsette i Vancouver og planlegg heller
ingen aktivitetar eller promosjonar i samarbeid med Noregs
Idrettsforbund eller Noregs Olympiske Komite under OL. Det seier
ansvarleg for beredskap, Christian Chramer i Eksportutvalet for
fisk til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Chramer har ingen spesielle kommentarar til meldingane om at
norsk laks vil bli boikotta under OL. Det einaste han vil framheve
i denne samanhengen er at EFF respekterar organisasjonane sin rett
til å ytre seg og at han reknar med at aksjonane vi vere i
samsvar med Canada si lovgiving på dette området.
På spørsmål om kvifor ein ikkje nyttar ein type
arrangement som OL til å marknadsføre norsk laks
svarar Chramer slik:
-OL er verdas største kommersielle arena med 12
hovudsamarbeidspartnarar som har heilt andre budsjett å rutte
med enn det vi har. Men dersom OL hadde vore i Noreg ville saka
stilt seg heilt annleis. Med fjernsynsbilete frå Noreg ville
merkevara vore knytt til oppringinga, seier Chramer til Norsk
Fiskeoppdrett/Kyst.no
Publisert: 09.02.10 kl 07:00
|