Heilt vanleg med innslag av deformert torsk
Både fiskarar og fiskekjøparar meinar deformert torsk i fangsten var vanleg lenge før torskeoppdrett vart ein realitet. -Det er heilt vanleg å få deformert torsk, seier pensjonert fiskar Karstein Fredriksen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Kari Johanna Tveit
Både fiskarar og fiskekjøparar sår no tvil om at
den deformerte torsken som Wilhelm Egil Larsen om bord på
fiskebåten Perholm i Storfjord fekk i garna i september 2009
er rømd oppdrettstorsk.
Det kjem stadig inn meldingar om at det er heilt vanleg å
få deformert torsk i fangstane.
Trur ikkje det er oppdrettstorsk
Karstein Fredriksen frå Skaland på Senja starta å
fiske i 1947, og han har fått deformerte torskar i fangsten
heilt frå første stund.
-Heilt frå eg starta å ro fiske har vi hatt innslag av
fisk med kuppelhovud og kort underkjeve slik som det var vist
bilete av i avisene. Dette førekjem heilt frå Lofoten
til Finnmark, så eg trur ikkje på at det har noko med
oppdrett å gjere, seier Fredriksen og legg til at det er
mange fleire enn han som seier akkurat det same.
Deformert torsk utan avrunda finnar
Dagleg leiar Frank Magne Hansen ved fiskebedrifta Aksel Hansen AS
seier til folkebladet.no at anlegget har mottatt opp til 15 slike
deformerte fiskar berre denne vinteren. Sist fredag kom det inn
enno ein deformert torsk som likna veldig på ein av dei
fiskane som Wilhelm Egil Larsen i Storfjord seier han fekk i garna
i september 2009. Biletet viser ein deformert fisk med heilt rett
sporfinne, noko som er svært uvanleg for oppdrettstorsk.
Finnane på oppdrettstorsken er oftast avrunda.
Publisert: 09.03.10 kl 07:00
|