Gebyra var truleg for høge
-Vi konstaterer at gebyret til ni oppdrettarar som er tatt for å ha for mykje laks og aure i merdane er sett for høgt, seier ekspedisjonssjef Magnor Nerheim i Fiskeri og kystdepartementet. No skal Fiskeridirektoratet vurdere gebyra på nytt.
Kari Johanna Tveit
I går vart det kjent at Fiskeri- og kystdepartementet vil be
Fiskeridirektoratet om å vurdere nivået på gebyra
til oppdrettarar som er tatt for å ha for mykje laks i
merdane, på nytt. I fylgje Magnor Nerheim handlar dette om at
departementet etter ei heilskapsvurdering har kome fram til at
forskrift om reaksjonar § 10 første ledd ikkje har
tilstrekkeleg heimel i akvakulturlova.
Bakgrunnen gjennomgangen er Sivilombudsmannen si vurdering av
usikkerheit i høve til om det er tilstrekkeleg heimel i
dagens lovverk å krevje inn gebyra. Han la spesielt vekt
på storleiken, og om dei er i tråd med Grl. §
96.
Sidan § 10 legg til grunn ein bruttoverdi utan at det i
tilstrekkelig grad vert tatt omsyn til oppdrettaren sine utgifter
som grunnlag for berekning av forteneste ved å bryte
regelverket, må gebyra vurderast på nytt. Og i fylgje
Nerheim handlar det ikkje om at oppdrettarane slepp unna straff
slik ein kan få inntrykk av i ein del nettaviser etter
pressemeldinga frå Fiskeri- og kystdepartementet vart sendt
ut.
-No må ein vurdere kor mykje dei har tent på ulovleg
meirproduksjon, og sørgje for at det i framtida ikkje er
mogeleg å tene pengar på å drive ulovleg. Vi har
også bedd Fiskeridirektoratet om å vurdere i kva grad
dei mest alvorlege tilfella bør vurderast av ein domstol,
seier Nerheim til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Publisert: 30.03.10 kl 07:00
|