Det er truleg IPN som gir auka dødelegheit
Mattilsynet har misstanke om enno eit utbrot av ILA på ein av lokalitetane til Arnøylaks i Nord-Troms, men dagleg leiar Tor Nygaard trur ikkje det er denne sjukdomen som påverkar dødelegheita i anlegget. Det er litt meir fisk som døyr, men eg trur årsaka er IPN og ikkje ILA, seier Nygaard.
Kari Johanna
Tveit
Siste veke melde Mattilsynet om mistanke om utbrot av ILA på
ein av lokalitetane til Arnøylaks i Nord-Troms. No ventar
dei på at Veterinærinstituttet skal kome med resultatet
etter analysen.
Laksen i den aktuelle merda har også IPN, og Nygaard trur
det er denne sjukdomen som gjere at ein har ei viss
dødelegheit i anlegget.
-Det meste av laksen som døyr, og som har vore
undersøkt har IPN og ikkje ILA, framhevar Nygaard ovanfor
Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no
To ulike virusstammar
Selskapet har fått påvist ILA to gongar dei siste
åra, men i fylgje Nygaard har det vore ulike stammar av
viruset, noko han tolkar som positivt oppi det heile.
-Det er jo eit teikn på at dei tilsette hjå oss gjer
ein god jobb med tanke på å hindre spreiing av viruset.
Vi har ikkje hatt stor dødelegheit på fisken dei andre
gongane, og eg håpar det ikkje blir eit alvorleg utbrot denne
gongen heller dersom det viser seg at smitten vert påvist
på nytt, seier Nygaard.
ILA gir høge kostnadar
Han framhevar at selskapet ikkje har mista mykje fisk dei to
gongane dei har fått påvist ILA, men krav frå
Mattilsynet i samband med brakklegging og ulike forordningar knytt
til utbrota har likevel medført store kostnadar for
selskapet. Saman med ein del investeringar i nytt utstyr som dei
har vore nøydde å gjere i samband med utbrot, har
utlegga kome på meir enn 10 millionar kroner. I tillegg kjem
tap på grunn av forsert slakting og utslakting av små
fisk.
-Vi gjer ein grundig jobb for å fylgje opp pålegg
på same tid som det heile tida vert teke prøver av
fisken for å sjekke at den er frisk. Og sjølv om det
kostar pengar trur eg at vi i det lange løp tenar på
å gjere ein skikkelig jobb på dette området,
seier Nygaard til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Publisert: 13.07.10 kl 07:00
|