- Mykje lus, men eit eventyrleg laksefiske
-Innsiget av villaks til elvane Gaula og Nausta i Sunnfjord er over all forventning, men i juli har det vore urovekkande mykje lus på den laksen som går opp i Gaula. Det seier Atle Frøysland i selskapet Fabelaktiv AS.
Kari Johanna
Tveit
Den 19 juli i år var det fiska 210 villaks i elva Gaula i
Sunnfjord på retten til Lervik på nordsida under
Osfossen, noko som i fylgje Atle Frøysland er eit resultat
langt over det som var venta. I heile sesongen i fjor vart det
fiska 169 laks, medan talet var 250 laks i 2008.
-Det som er aller viktigast er at det har kome så mykje
smålaks oppatt i elvane. Her er resultatet mykje meir
positivt enn det eg hadde trudd, seier Frøysland.
Nye laksegrupper
I motsetning til tidlegare har ein i år hatt innsig av
laks med mange ulike storleikar til elvane Gaula og Nausta i
Sunnfjord. Den minste gruppa er frå 1 til 1.2 kilo. Denne
laksen er i dårleg kondisjon og ber sterkt preg av at den har
funne lite mat i havet. Den andre gruppa er meir normal
smålaks med storleik frå 1.6 til 2 kilo. Laks med denne
storleiken har tydelegvis oppheldt seg i havområde med god
mattilgang.
Den tredje gruppa Frøysland viser til er laks frå
2.5 til 3.5 kilo som har stått to år i havet. Den er
liten i høvet til den laksen som vanlegvis kjem inn etter to
vintrar i havet, men den er i svært god kondisjon. Det er
også eit godt innsig av normal mellomlaks med ein storleik
på mellom 4.5 og 5.5 kilo. Denne er også i svært
god kondisjon. Innsiget av storlaks på over 7 kilo er som
normalt, men på lik linje med dei fleste andre
gruppene har denne laksen også god kondisjon.
-Innsiget av laks til Nausta og Gaula har vore mykje betre enn vi
hadde venta i år, men det at vi får innsig av
laksegrupper med fleire storleikar enn det vi vanlegvis har, seier
noko om den situasjonen vi har vore i når det gjeld
mattilgangen i havet, og fylgjeeffektane av dette, seier
Frøysland.
Uttaket i dei to elvane er tilpassa forventa
innsig
Sjølv om innsiget til dei to lakseelvane i Sunnfjord er
mykje betre i år enn det ein trudde på førehand,
har ein valt å tilpasse fisket til det som var forventa
innsig. Fiskarane har ein personleg døgnkvote
på avliving av ein laks under 2.5 kilo. Men det
meste av holaksen vert likevel sett attende i elva. Samla sett er
rundt 75 prosent av laksen som fiskarane har fått på
kroken, sett attende til elva.
-Vi har tilpassa oss den situasjonen vi har på
beiteområda for laksen og avlivar ikkje laks over 2.5 kilo
som ikkje er skada. Etter at vi har hatt den ståande i
kar nokre timar for å sjekke at den er i god form, slepp
vi den enten ut igjen i elva, eller så tar vi den til
klekkeriet, seier Frøysland.
Ikkje berre fryd og gammen
I fylgje Frøysland kan dei problema villaksen har med
lakselus umogeleg vere så katastrofal som mange hevdar, med
unnatak av einskilde område. Då hadde ein ikkje
innsiget av laks i god kondisjon vore slik det er. Men alt er
likevel ikkje berre positivt. I juni var lusenivået i dei to
elvane kanskje betre enn dei siste åra, men i juli har ein
registrert svært mykje lus på den laksen som går
opp i Gaulavassdraget.
-Dette er svært urovekkande, men det er ikkje verst for
laksen. Lusa slepp at taket når den kjem opp i ferskvatn, men
for sjøauren er dette eit stort problem, og eg råda
oppdrettsnæringa til å ta det på alvor, seier
Frøysland.
Men sjølv om han rettar ein peikefinger mot
oppdrettsnæringa for problema med lakselus og rømming,
er han også veldig klar på at ein del av dei som trur
at dei kjempar for villaksen, står fram som
kompetanselause.
-På slutten av 50-talet og begynninga av 60-talet var den
norske villaksebestanden på eit historisk lågt
nivå. Men på 70 talet var fisket eventyrleg, så
dette handlar også om naturlege svingingar på
lik linje med alle andre bestandar, seier Frøysland og legg
til at det aller viktigaste i denne samanhengen er at
oppdrettsnæringa og villaksnæringa samarbeidar.
Publisert: 21.07.10 kl 07:00
|