- levert av Norsk Fiskeoppdrett

Blir tillatt med beinmjøl i fiskefôr

EU lempar på reglane om bruk av dyrerestar i dyrefôr. Frå neste år kan det bli tillate å bruke protein frå kylling og gris i fiskeoppdrett

 EUs komité for biologisk tryggleik i matkjeda valde i førre veke å liberalisere det strenge regelverket for framstilling av dyrefôr, skriv Nationen.

I etterkant av dei store utbrota av kugalskap i EU på 1990-talet innførte EU eit totalforbod mot bruk av animalsk protein i dyrefôr.

I fyrste omgang er det fiskerinæringa som kan dra nytte av endringa. Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL) ynskjer endringa velkomen.

— EU-kommisjonen har ei langsiktig målsetning om å auke moglegheita til å bruke protein frå husdyrproduksjon i husdyrproduksjon. Per i dag blir det eksportert protein som går til husdyrproduksjon i land utanfor EU, som så eksporterer produkta attende til EU. Næringa ynskjer ein berekraftig og miljøvenleg produksjon, og då er tilgang på resirkulerbart biologisk materiale frå landbruket viktig, seier direktør for helse og kvalitet i FHL, Henrik Stenwig til Nationen.

Til liks med fiskerinæringa er Mattilsynet positive til endringa.

Trygg mat

Stenwig forsikrar om at norsk fisk fôra opp på restar av fjørfe og svin framleis vil vera trygg å eta.

— Det er ingen tvil om tryggleiken. Utfordringa er at forbrukarane må kjenne seg trygge på maten. Det difor kan ta litt tid før fôr med protein frå svin og fjørfe kan bli tatt i bruk, seier Stenwig til Nationen.

 

Tips andre

(for å sende til flere samtidig, bruk komma mellom epost-adressene)