«Maya» forliste
Det var vest for Karmøy at arbeidsbåten til Karmsund Shipping forliste.
Det melder Haugesunds Avis torsdag kveld.
Fartøyet fekk raskt bistand frå ein liknande fartøy frå same reiarlag. Dei fem arbeidarane om bord vart berga, og var i god behald ti minutt etter hendinga. Dei kom seg av fartøyet før det sank.
«Maya» var ute på oppdrag og jobba med eit slep då det heile skjedde.
- Ho pådrog seg eit hål i styrbord side og sank, og ligg no på 40-50 meter djup, sa dagleg leiar i Karmsund Shipping, Leif Kåre Sørvik til lokalavisa.
Han peikar på at det viktigaste er at alle dei tilsette er i god behald.
«Maya» vart kjøpt i 2019, og ankom Karmøy i februar same år. Båten er 14,98 meter lang og ni meter brei.
Les også:
-
Skal ha fått kjemikaliar på seg
Ulukka skal ha skjedd på ein arbeidsbåt ved Litlesotra, utanfor Bergen.
-
Knakk fingeren - verneombodet meiner arbeidet ikkje var naudsynt under seglas
Ein i mannskapet på passasjerferja «Oslofjord V» var uheldig.
-
- Det er lite trolig at skaden oppstod som følge av at de traff noe i sjøen
Statens Havarikommisjon har lagt frem rapporten etter ulykken med «Toja» i slutten av mai 2023.
-
Ber rederi endre arbeidsmetode etter dødsulykke
Statens Havarikommisjon ber rederiet Norwest Ship Management endre sine arbeidsmetoder etter at en mann falt i døden etter lossing i Trondheim i september i fjor.
-
Åtvara om ureint farvatn etter uhell: – Myndigheitene har vore behjelpelege og raske
Den 11. mars var «Fosna Power» uheldig på seglasen frå Torvastad til Mørenot.