Gå til innhold

Smart og trygg notvask - minimerer støystress og notslitasje

Annonsørinnhold
Yatek AS har nyleg investert i nok ei Østerbø Yanmar vaskeløysing. - Vi har vurdert og prøvd ulike løysingar men det er ingen som kan måle seg med denne, seier dagleg leiar Øyvind Høie. T.v. Kim Andre Eide frå Østerbø Maskin AS.
Yatek AS har nyleg investert i nok ei Østerbø Yanmar vaskeløysing. - Vi har vurdert og prøvd ulike løysingar men det er ingen som kan måle seg med denne, seier dagleg leiar Øyvind Høie. T.v. Kim Andre Eide frå Østerbø Maskin AS.

Redusert støy-stress for fisk gir betre appetitt og raskare vekst. Notvask er ein av fleire operasjonar i og rundt merda som kan påføre fisken stress, spesielt grunna høg støy.

- Ved å gjere desse operasjonane så smart som muleg kan det bli store summar spart for oppdrettarane, meiner Jan Erik Søreide hos Østerbø Maskin AS.

Lågt vasketrykk, kun 6 spyledyser og tre større thrustere som er drivne av vasstrykket og ikkje straum, gir Østerbø Yanmar vaskaren markant lågare operasjonslyd samanlikna med konkurrerande modellar. Støystresset blir slik redusert til det minimale og gir fisk som tek til seg næring sjølv under aktiv vask.

- Om ein tel opp antall timar det må spylast rundt om, og ser dette opp mot potensiell redusert utforing/vekst grunna støystress, så er dette absolutt eit viktig punkt å tenke på før ein vel kva utstyr ein ønsker å bruke i eigne anlegg. Om det kun er kvadratmeterpris og fart på vasking som blir vurdert når ein vel type utstyr, så trur eg ein gløymer ein viktig kostnadspost som ikkje er lett å sjå på kort sikt, poengterer han.

Østerbø Yanmar reduserer støystress og notslitasje til det minimale. Illustrasjon: Østerbø Yanmar/ Nagelld.no
Østerbø Yanmar reduserer støystress og notslitasje til det minimale. Illustrasjon: Østerbø Yanmar/ Nagelld.no

Minst slitasje på not, bra for miljøet

Slitasje på notimpregnering er hovudsakleg eit resultat av høgt dysetrykk og mange dyser. Østerbø Yanmar vaskaren har eksempelvis berre seks dyser mens konkurrerande utstyr har opptil seks gongar så mange.

Østerbø nyttar dessutan ei stor dyseopning som leverar stor vassmengd per dyse – dette gir deg best vaskeeffekt i tillegg til å vere det mest gunstige og trygge for nota.

Mykje å spare i driftskostnader

Figur: Tal dyser på ulike modellar
Figur: Tal dyser på ulike modellar

For serviceselskapa som utfører notvask er det mykje å spare på å investere smart. Søreide har sett opp eit lite reknestykke som viser faktiske kostnader i servicedeler og drivstoff pr 1500 timar. 

- Dette viser at Østerbø Yanmar er det smartaste valet for å halde driftskostnadene nede. Investeringskostnaden blir tent inn gjennom at denne notvaskaren er ein «trygg og robust gjerrigknark, fortel han.

Figuren viser kostnad og innsparing i drivstoff pr 1500 timar for Østerbø Yanmar vaskar vs 7 skivers vaskar.
Figuren viser kostnad og innsparing i drivstoff pr 1500 timar for Østerbø Yanmar vaskar vs 7 skivers vaskar.

Faktaboks

Driftskostnader pr 1 500 timar
Servicedelar (500 + 1 000 timar): kr 65 000,-
Drivstoffkostnad pr 1 500 timar
Yanmar notv.+Østerbø pumpe 16l/t: kr 240 000,-
Yanmar notv.+ D300 pumpe 22l/t: kr 330 000,-

Har du en sak du
vil tipse oss om?