Gå til innhold

Populær arbeidshest under vatn

Annonsørinnhold
Frå Østerbø Yanmar notvaskaren får du eit vasstrykk på rekordlåge 45 bar. Foto: Østerbø Yanmar
Frå Østerbø Yanmar notvaskaren får du eit vasstrykk på rekordlåge 45 bar. Foto: Østerbø Yanmar

Låge driftskostnader, trygge belter, få dyser med stor opning og marknadens lågaste vasketrykk sikrar fornøgde kundar år etter år.

Minst slitasje på not

Slitasje på notimpregnering er hovudsakleg eit resultat av høgt dysetrykk og mange dyser.

Østerbø Yanmar vaskaren har berre 6 dyser mens konkurrerande utstyr har opptil 6 gongar så mange. Østerbø nyttar ei stor dyseopning som leverar stor vassmengd per dyse – dette gir deg best vaskeeffekt i tillegg til å vere det mest gunstige og trygge for nota.

Vask ofte med godt samvit

Frå Østerbø Yanmar notvaskaren får du eit vasstrykk på rekordlåge 45 bar. Det gir ei varsam, men grundig reingjering i not med lett groe. 

Vaskaren gir deg rom til å reingjere med det lågaste vasketrykket som skal til for å få ho 100 % rein. I ei not med impregnering, er dette eit viktig tiltak for å minimere utslepp til miljøet.   

Møter du på tøff groe som sit godt fast, vil dette og bli fjerna på lågt trykk i forhold til andre vaskesystem. Eit vasketrykk på berre rundt 70 – 110 bar og vår dysestørrelse, er det som skal til for å vaske alt reint på ein trygg måte.

Slakk not og straum kan gi tøffe forhold under havoverflata.
Slakk not og straum kan gi tøffe forhold under havoverflata.

Ekte arbeidshest

Østerbø Yanmar notvaskarar i drift har høge timetal i merder i både inn- og utland. Totalt kan den vise til omlag 60-70 000 timar med smart vasketid. Dette er ein utprøvd teknologi og viser at vaskaren er ein arbeidshest utan samanlikning.

Grunna den enkle og robuste teknologien er dette marknadens mest robuste vaskar som krev minst vedlikehald. Dei mjuke, trygge gummibelta gir vaskaren godt grep på nota som og gjer deg rusta til å takle sjølv sterke straumforhold.

Minst støystress for fisken  

Med færrast tal dyser og tre større thrustere som er drivne av vasstrykket og ikkje straum, gir vaskaren eit lågt støybilete under vasking. Dette vil redusere støystress på fisken under vasking.     

Bra for deg, bra for miljøet

Lågast vasketrykk gir minst utslepp av impregneringsrestar til miljø.  

Østerbø sitt vaskesystem leverer marknadens lågaste dieselforbruk per time. Rekordlåge 14-16 liter. 

Oppsummert: best for fisken, best for nota, best for miljøet og best for deg.

Har du en sak du
vil tipse oss om?