
Testar Icefresh i marknaden
Ein ny opptiningsmetode skal gi konsumentane tilgang på fisk med heilt fersk kvalitet, sjølv om den har vore frosen under transport og fram til produksjon. –Utfordringa er å tine raskt utan kvalitetstap, og no skal vi gjere dei første testane i marknaden, seier dagleg leiar Johan Fredrik Dahle i Icefresh AS
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Selskapet Icefresh AS som held til med sin produksjon i Fredrikstad testar i desse dagar ut sine produkt på seks menybutikkar i Oslo.
Icefreshprodukta vert frosen ned rett etter at fisken vert tatt opp frå havet og ved hjelp av rett innfrysing og ein unik opptiningsmetode, er kvaliteten i fylgje selskapet like god som for heilt fersk fisk. -Når du har frose fisken veldig raskt inn og har kontroll på heile prosessen, så får du eit fantastisk produkt med ein fantastisk kvalitet når du brukar denne opptiningsmetoden, seier Johan Fredrik Dahle som er dagleg leiar i Icefresh AS.
Frysing har vore sekundærløysing Problemet med frysing er at det ofte handlar om ei sekundærløysing for fisk som ikkje vert seld ut raskt nok som fersk, eller at den først er fryst heil, så tina og filetert, for så å bli fryst igjen. Den tredje faktoren som påverkar kvaliteten på mykje av den fisken ein finn ute i frysediskane er innfrysingstemperaturen. -Vi har lært at minus 18 grader celceius er djupfrysing, men den einaste forklaringa eg kan finne på at dette har vorte ei generell oppfatning er at det er amerikanarane som har funne opp fryseboksen og at 18 grader celcius er det same som 0 fahrenheit, seier Dahle.
Samarbeid med Sintef Icefresh har samarbeida med Sintef Energi i arbeidet med å utvikle ein optimal tineprosess, og dei meinar at minus 40 grader er den optimale lagringstemperaturen. I fylgje Sintef skal det ikkje vere ei føremon med temperaturar under 40 grader. -Frysetemperaturen er veldig viktig, men poenget for oss er ikkje å lagre fisken over tid. Rask innfrysing og lagring på minus 40 grader er det beste verktøyet for å få fisken fram til marknaden med best mogeleg kvalitet, seier Dahle.
Opptininga er det viktigaste Korleis opptininga føregår er basert på resultat frå forsking og utfordringa er å tine raskt utan kvalitetstap. -Vi gjennomfører ulike tineforløp på ulike produkt som kveite, laks og torsk og lik storleik på dei ulike pakkane i kvar produksjon er veldig viktig. Systemet er luftbasert og vi køyrer inn temperert luft i kombinasjon med kraftig kjøling, seier Dahle og legg til at produkta har ein overflatetemperatur på null grader og minus ein grad i kjernetemperatur når dei vert frakta ut i butikken.
Dahle framhevar at Icefresh er eit distribusjonskonsept og at det dei gjennomfører no berre er eit testsal for å finne ut meir om korleis kundane responderar på produktet. Anlegget ligg i Fredrikstad og herifrå er det mogeleg for selskapet å dekke store delar av Sør Noreg. Oppskalering vert planlagt i samarbeid med daglegvarehandelen.