En av leppefiskene som skal i merdene for å spise lus. Illustrasjonsfoto: Therese Soltveit.

16 millionar leppefisk fangsta

Olav Lekve i Fiskeridirektoratet fortel det er eit godt fiske etter leppefisk så langt i år, spesielt på Vestlandet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sidan startskotet for fisket etter leppefisk gjekk i midten av juli, har millionar av villfanga rensefisk vorte fiska langs kysten.

Avtroppande kommunikasjonsdirektør Olav Lekve frå Fiskeridirektoratet, fortel kyst.no at det er eit godt fiske etter leppefisk.

- Spesielt på Vestlandet. I desse dagar har ein passert 16 millionar fisk. I Midt-Noreg er det så langt fangsta 2,9 millionar fisk, på Vestlandet er dei oppe i 9,8 millionar fisk og på Sørlandet 3,2 millionar fisk, per fjerde september.

Les også: Over fem millioner leppefisk fisket på drøye tre uker

Enkelte fartøy seier han vil vera ferdig med fartøykvoten, medan andre har varierande kvantum igjen.

- I år er fisket etter leppefisk regulert med fartøykvotar á 75 000 stykk fisk og ikkje med et totalkvantum slik som i 2016, poengterer Lekve.

Illustrasjonsfoto av villfanga leppefisk på teine. Foto: Tonje K Sørdalen.

Så langt i sesongen har det vorte fiska mest bergnebb (7,1 millionar stykk) og grønngylte (7, millionar stk).

- Det er så langt ikkje registrert fangstar av blåstål og kun 1400 rødnebb.

- Ikkje alle røktar kvar dag

Lekve seier direktoratet er litt urolege over tilbakemeldingane dei har motteke om at teiner og ruser ikkje blir røkta kvar dag, slik dei eigentleg skal.

- Vi har også registrert at fiskarane sorterer fisken ein anna stad enn der den vart fanga. Fisk som er under minstemålet skal jo tilbake i sjøen, seier han.

Les også: Fisket etter leppefisk åpnet mandag og er i full gang

Leppefisk er svært stadeigen, ifølge Lekve, som gjer at den får problem med å finne tilbake til der den trivst viss den blir satt ut igjen ein annan stad.

- Vi oppmodar difor fiskarane til å sortere fisken der den er fanga og at den blir satt tilbake i sjøen igjen på ein skånsam måte for å unngå at fisken blir skada eller i verste fall døyr som eit resultat av handsaminga den blir utsatt for, seier Lekve avslutningsvis.

På tross av gode fangstar meldte direktoratet førre veke at dei ikkje kjem til å stoppe fisket, etter at dei hadde motteke fleire bekymringsmeldingar frå fiskarar som lurte på om det vert innført eit midlertidig stopp i fisket.

Les meir om dette her. 

Les også: