Jarle Frimannslund har valt å satse på en karriere innan oppdrettsnæringa. Foto: privat/Facebook.

18-åring valte å satse på fiskeoppdrett framføre idrett

Jarle Frimannslund (18) vurderte toppidrett. Istaden blei det fiskeoppdrett han satsa på, og han har ikkje angra.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Han har ikkje angra eitt sekund, melder Os og Fusaposten.

Det var ganske tilfeldig at 18-åringen hamna på TAF-marin.

- I arbeidsveka møtte eg ein som gjekk TAF (teknisk, allmennfagleg utdanning, journ. anm.) og anbefalte det veldig. Dermed tok eg eit val om å ha fisk som jobb og sykkel som hobby, og ikkje omvendt, seier han til lokalavisa. 

Har ikkje angra

Han seier å satse på oppdrett og havbruksnæringa er eit valt han ikkje angrar på.

- Det er tungt og hardt, men eit fantastisk løp der vi får unna seks års skulegang på fire år, seier Frimannslund, som jobbar på Marine Harvest sitt anlegg i Øygarden. 

Der arbeidar han saman med to lærlingar, fire fast tilsette og sjefen.

Om to og eit halvt år når han er ferdig på skulen har han fått med seg studiekompetanse med fordjupning i matte, kjemi og fysikk, samt fagbrev i akvakultur. I tillegg har han med seg fire års arbeidserfaring i bedrift, skriv avisa.