Fiskeridirektør Liv Holmefjord. Foto: Therese Soltveit.

– Bruken av legemidlar mot lakselus i 2015 stadfestar behovet for tydelegare miljøkrav

Folkehelseinstituttet si oversikt over sal av legemidlar mot lakselus i 2015 dokumenterer at den krevjande lusesituasjonen i fjor førte til ein ytterlegare auke i salet av desse legemidlane.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Vi har vore bekymra for miljøkonsekvensane av den omfattande legemiddelbruken ei tid, og denne oversikta stadfestar at det er nødvendig med tydelegare miljøkrav for å halde bruken av legemidlar innanfor forsvarlege rammer, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Foreslo innstramming

Folkehelseinstituttet si oversikt syner at salet av dei badbaserte medikamenta azametifos, cypermetrin og deltametrin har gått noko ned i 2015, medan salet av hydrogenperoksid og dei fôrbaserte medikamenta emamektin og flubenzuron gjekk vidare opp.

– Fiskeridirektoratet foreslo i januar i år ei innstramming i reguleringa av utslepp av flubenzuroner. Vi veit at desse midla hemmar skalskifte og kan gjere skade på reker og andre krepsdyr i nærleiken av akvakulturanlegga, seier Holmefjord.

Nye miljøutfordringar

Forslaget er eit av fleire tiltak for å motverke negative miljøeffektar frå behandling mot lakselus som vart sendt Nærings- og fiskeridepartementet i januar i år. Her vart det mellom anna og foreslått at tømming av badebehandlingsvatn til sjø frå båt eller lekter berre skal skje ved akvakulturanlegget eller i godkjente droppsoner.

– Eit stort og aukande forbruk av legemidlar for behandling av lakselus gjer at det oppstår nye utfordringar knytt til miljøeffektane. Vi må arbeide vidare med å utvikle kunnskapen om desse effektane, men vi må også vere villige til å handle på bakgrunn av den kunnskapen vi har, avsluttar Holmefjord.

Fiskeridirektoratet sitt forslag er ved sida av dei allereie gjeldande krava i akvakulturlova også ei konkretisering av gjeldande krav i akvakulturdriftsforskrifta §§ 5 og 15, som seier at drifta skal vere «teknisk, biologisk og miljømessig forsvarlig» og at ein ved bruk av legemidlar og kjemikaliar skal syne «særlig aktsomhet for å unngå at midlene slipper ut i det omkringliggende miljø».