Leif Sverre Enes er ikkje nøgd med at Fylkesmannen stikker kjepper i hjula for næringsutvikling i Kvinnherad. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda

– Fylkesmannen må fratakast all makt

- Fylkesmannen må fratakast all makt, seier Leif Sverre Enes (H), i Kvinnherad Kommune. Han meinar heilt klart at kommunane må bestemma over eige areal.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dette seier han mellom anna på bakgrunn av at Ænes Inkubator-prosjektet til Lingalaks og Eide Fjordbruk, har fått inn fleire merknadar frå Fylkesmannen som han er sterkt ueinig i.

Les også: Positive til settefiskanlegg

Høgrepolitikaren uttalte i eit kommunestyremøte i Kvinnherad kommune følgande:

- Vi har eit kjempeproblem med noko som heiter fylkesmannen i nesten alle samanhengar. I Mauranger har vi eit areal som er sett av til næring, men fylkesmannen kjem likevel med innsigelsar, uttalte Enes.

Sjølv er 62-åringen inhabil under møteverksemdene i kommunestyret sidan han er grunneigar der smoltanlegget på Ænes i teorien skal liggja, men han meinar klart at Fylkesmannen sine avgjersler ikkje heng på greip med rammevillkåra som er satt i biomangfaldsloven.

Les også: Går saman om bygging av nytt settefiskanlegg

- Må fratakast all makt

Misnøya med Fylkesmannen opplev han er stor hjå mange, og foreslår at kommunen sjølv skal få avgjere kva areala skal brukast til. For å få meir næringsutvikling i kommunen, vil han endra sjølve systemet.

Fylkesmannen må fratakast all makt når det gjeld arealplanlegging, oppfordrar Enes, og legger til at kommunane må få bestemma over eige areal.

- Det vert hevda at dersom ein har ein overordna plan, skal det vera enklare å laga reguleringsplanar.

Det meinar Enes ikkje er tilfelle idag.

Høgrepolitikar Leif Sverre Enes er misnøgd med Fylkesmannens arealplanar og mangelen på næringsutviklings-moglegheiter i kommunen. Han ynskjer at all makt skal fratas etaten, og heller gå til kommunen. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda.

- Arealet som er tenkt nytta til smoltanlegg på Ænes vart utlagd og godkjent som næringsareal i 2005, i kommunedelsplan for Ænes og Mauranger. Så det er allereie tilrettelagt for  drift i ei eller anna form.

Han meinar Fylkesmannen heng seg opp i at arealet er utvida med berre nokre få titals m2. Samt at det ligg for nære nasjonalpark/landskapsvernområdet/Hardangerfjorden, og er eit for stort vassuttak frå elva.

Skandale

Dette meinar Enes er å strekka regelverket for langt. Han peikar på at det har vore smoltannlegg på deler av arealet tidlegare (1985) og han har sjølv dreve Ænes Laksepark i området, som var i drift fram til år 2010.

- Området er spesialdesigna for smoltproduksjon. Det har vore teke vatn frå elva til drift av sagene ved sjøen i langt over hundre år. Dei brukte så godt som alt vatnet om vinteren utan at det hadde betydning for fiske i elva. Området ved sjøen har vore brukt til næring ( sagbruk) i langt over 100 år. Etter mi meining er det ein skandale at ikkje fylkesmannen ser dette.

Les også: Rømminga i Hardanger oppdaga under Thermolicerbehandling

Utvikling av havbruk 

Når det gjeld korleis norsk havbruk og oppdrett skal utvikla seg vidare, meinar Enes at ein kombinasjon av landbasert oppdrett og konvensjonelt oppdrett i sjø er vegen å gå.

- Det store volumet lyt produserast i sjøen, men det er av stor betydning at smolten er størst mogleg når den vert sett i sjø. Redusert tid i sjø minskar luseproblematikken. Det må sikrast areal både på land og sjø, det er for arealkrevjande å ha alt på land, legg han til.