– Null lakselus

- Det er mens det er forholdsvis stort lusepress i området, legg han til.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Det er mens det er forholdsvis stort lusepress i området, legg han til.

Norsk Havbrukssenter var eit av selskapa som i førre veke fekk endeleg tilsegn på eit såkalla mørkegrønt løyve i gruppe C.

Kva betyr dette for dykk?

- I og med at vi berre har ein visningstillatelse frå før vil dette bety mykje for oss, seier den daglige leiaren.

Han fortel at bedrifta for augneblinken arbeidar med kvar og korleis bedrifta snarast kan komme i gang med oppstart av den nye løyva.

- Dersom det er mogleg vil me starte opp allereie til kommande haust/vinter. Det er kanskje optimistisk men, seier han.

Torgnes fortel at det vil bruke lukka merder i deler av produksjonen.

- Vidare vil me benytte oss av luseskjørt, og ellers drive i hennhald til søknaden for å holda den lave lusegrensa, opplyser han.

Norsk Havbrukssenter var blant dei fyrste til å ta i bruk lukka teknologi.

- Det er ingen tvil om at lukka merder fungerer mot lus, uttalte Torgnes til kyst.no tidlegare.