Gå til innhold
Alf Helge Aarskog blir ny styreleiar i Steinvik Fiskefarm. Foto: Daniella Balin.
Alf Helge Aarskog blir ny styreleiar i Steinvik Fiskefarm. Foto: Daniella Balin.

Generalforsamlinga i Steinvik Fiskefarm har i møte torsdag valgt Alf-Helge Aarskog som ny styreleiar i selskapet.

Det skriv selskapet i ei pressemelding.

Aarskog er godt kjent i næringa med lang og verdifull erfaring. Deriblant 9 år som konsernsjef i Mowi.

Alf-Helge avløyser gründer, eigar og oppdrettspioneer Inge Helge Vassbotten. Foto: Steinvik Fiskefarm
Alf-Helge avløyser gründer, eigar og oppdrettspioneer Inge Helge Vassbotten. Foto: Steinvik Fiskefarm

- Steinvik Fiskefarm er glade for at Alf-Helge har takka ja til å leie selskapet fram i ei spennande tid. Alf-Helge vil spele ei sentral rolle for korleis Steinvik Fiskefarm skal utvikle seg dei kommande åra, heiter det i pressemeldinga.

Steinvik Fiskefarm vart stifta i 1986 av Inge Helge og Alex Vassbotten som i dag driv produksjon av laks, settefisk og rensefisk. Dei siste åra har Steinvik Fiskefarm satsa tungt på storsmolt i Svelgen i kombinasjon rognkjeks og berggylte. Selskapet har som visjon om å fortsette å investere, utvikle og posisjonere seg for framtida med lokal forankring. Målet med satsinga på storsmolt i Svelgen er å auke snittvekta på fisken som blir sett ut i sjø og derav redusere produksjonstida.

Alf-Helge avløyser gründer, eigar og oppdrettspioneer Inge Helge Vassbotten. 

- Steinvik Fiskefarm vil på vegne av familien og tilsette takke for uvurderlig innsats som styreleiar sidan oppstart av virksomheita. På grunnlag av Inge Helge sine visjonar, arbeidsmoral og klokskap har Steinvik Fiskefarm utvikla seg til å bli eit veldreven og solid selskap med fokus på lokal verdiskapning. Inge Helge vil halde fram som styremedlem i selskapet, skriv dei.

Har du en sak du
vil tipse oss om?