Gerhard Meidell Alsaker har stor grunn til å være fornøyd. Foto: Alsaker Fjordbruk.

Alsaker kjøper kjerneverksemda til tungløftselskap

Meidell AS melder at dei kjøper opp kjerneverksemda til konkursråka Eide Marine Services. Kjøpet inkluderer totalt 14 einingar, beståande av flytekraner, lekterar og slepebåtar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Me har vore på «opphøyrsal», sa oppdrettar Gerhard Meidell Alsaker då han presenterte nyheita til dei tilsette i Alsaker Fjordbruk under den årlege administrasjonsturen i konsernet.

Vil oppretta nytt selskap

I oppkjøpet inngår blant anna fem store kranfartøy, sju store lekterar og to slepebåtar. Flåten vil no bli lagt inn i eit heileigd dotterselskap i Meidell AS.

 - Planen vidare er å oppretta eit selskap, i lag med Eide, som skal stå for den operative drifta av flåten ut i frå Høylandsbygd på Halsnøy. Dermed sikrar ein ivaretaking av den kreativiteten og kompetansen som finst på staden, seier oppdrettaren.

Alsaker held fast at oppkjøpet ikkje skal medføra at fokus blir flytta vekk i frå hovudgeskjeften som framleis skal vera laks.

Skulda ein halv milliard

Eide Marine Services AS har vært engasjert i olje- og gassindustrien sidan 1980 og har hovudkontor i Høylandsbygd på Halsnøy, Sunnhordaland. Dei starta opp med å byggje spesialfartøy for olje-service industrien i tillegg til å yte vedlikehald og modifisering på boreriggar.

Med tida har verksemda blitt større og dei har opparbeidd seg ei sterk forankring innan fabrikkering, handel og shipping, med tenester innan tauing og redningsoperasjonar, vrakfjerning, tungvektsoperasjoner, logistikk og leiing. På tross av dette melde selskapet oppbod i slutten av september, grunna ordresvikt og dei dårlege tidene i oljebransjen.

Konkursen ramma totalt 90 tilsette. Opprinneleg besto selskapet av rundt 40 fartøy, og selskapet skal ved oppbodet ha skulda DNB ein halv milliard kroner.