Viking Fjord slakteriet på Sunde i Kvinnherad der den omkomne jobba som dagleg leiar. Foto: Therese Soltveit

Alsaker-leiar omkom i bilulykke

Navnet på den omkomne i Kvinnherad vart idag frigjort. Det var dagleg leiar ved slakteriet Viking Fjord AS på Sunde i Kvinnherad som omkom i ei dødsulykke i går ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ulykka skjedde torsdag kveld rett før klokka 17.00 i Halsnøytunnelen i Kvinnherad kommune i Hordaland. Den omkomne sitt namn er frigjort og er Ingve Bjarte Berge (51) frå Fjellberg.

Berge jobba som dagleg leiar ved Alsaker Fjordbruk sitt lakseslakteri på Sunde.

Dødsulykke i tunnel

Lensmann i Kvinnherad Jan Fosse, seier til kyst.no at dei fekk klokka kvart på fem torsdag ettermiddag ei melding om ei alvorlig ulykka i Halsnøytunnelen.

Det var Ingve Bjarte Berge, dagleg leiar ved Viking Fjord som omkom torsdag i ei bilulykke i Kvinnherad. Foto: Alsaker Fjordbruk

- Både politi, luftambulanse og ambulanse vart sendt til staden. Han vart raskt tatt ut av bilen, men livet stod ikkje til å redde på den 51-år gamle mannen, seier lensmannen.

- Den omkomne vart sendt til obduksjon for vidare undersøkingar. Uykkeskomisjonen fra Statens Vegvesen var også tilstades etter ulykka og utførte undersøkingar, opplysar han vidare. 

Samfunnskontakt Ove Gjerde ved Alsaker Fjordbruk opplyser at selskapet idag har hatt ei samling på slakteriet for dei tilsette.

Politiet var også tilstades der dei informerte dei tilsette om situasjonen, vert det opplyst.

– Ja, dette er ein trist dag. Ingve var ein populær og hundre prosent leiar, seier produksjonssjef og personalansvarleg ved Viking Fjord Kjetil Haktorson, til Kvinnheringen, som fyrst omtalte saka.

I oktober utgåva av Norsk Fiskeoppdrett vart Berge intervjuet, der han snakket varmt om slakteriet sin produksjon og uttalte at «Viking Fjord er ein frykteleg kjekke arbeidsplass».