- Alt ligg til rette for meir fiskeri og havbruk

Med ei utsetjing av oljeboring i Lofoten og Vesterålen, ligge alt til rette for å satse meir på fiskeri og havbruk i Nordlandsregionen, meinar Øyvind Kråkås i Salmon Group.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Like etter valsigeren blei partiane einige om at det ikkje skal bli ein konsekvensutredning av Lofoten og Vesterålen dei neste fire åra. Venstre krevde tidleg i sonderingane gjennomslag for denne saka for at dei i det heile tatt skulle gå vidare i samtalene.

Øyvind Kråkås. Foto: Salmon Group

- Vi har stoppa konsekvensutredning for Lofoten og Vesterålen, Jan Mayn og Svalbard. Vi er veldig nøgd med avtalen vi har her, sa Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Øyvind Kråkås meinar alt no ligg til rette for meir satsing på fiskeri og havbruk i regionen.

- På søkjarlistene til dei grøne konsesjonane kan ein lese at ei lang rekke oppdrettarar i Nordlandsregionen har gode prosjekt på gang, som kan vere med og løyse viktige utfordringar for bransjen. På område som rognkjeksoppdrett er aktørar i denne landsdelen i føraresetet. Kombinasjonen av innovasjonsvilje og kapitaltilgang varslar at der kan kome mykje god næringsutvikling her i åra som kjem, skriv Kråkås på Salmon Group sine heimesider.

Han meinar regionen har eit uforløyst potensiale.

- Fisken er og blir viktig for landet og for landsdelen. Sjømatproduksjon er noko av det vi i Noreg er programforplikta til å drive med, på vegne av heile verda. Innanfor lakseoppdrett er der framleis eit stort vekstpotensiale i Nordland og Troms. Fordelen med eit uforløyst potensiale, er at du kan økonomisere vekk dei feila andre har gjort tidlegare. Den komande veksten i havbruk, vil bli den mest kontrollerte veksten so langt i historia, fordi vi byggjer han på opparbeidd kunnskap.

- Gjennom å utsetje oljeboring i desse områda, seier politikarane at sjømat vil bli den viktigaste bærebjelken for regionen også i tiåra som kjem. Dette viktige signalet må fylgjast opp med tilrettelegging for vekst og utvikling, både på sjø og land. Det stolar eg på at fiskeriministeren frå Harstad vil prioritere. Lokale verksemder bør spele ei nøkkelrolle, og med deira vekst kjem arbeidsplassar og kapitaldanning til vidare satsing. Det er verkeleg grunn til optimisme på vegne av Nord-Noreg, avsluttar Kråkås.

Les også: - Positive avklaringer