Altinn, skatt

Automatisk kontroll av lokalitetsnummer i biomasserapportar

Frå torsdag 7. november er biomasseskjemaet i Altinn kopla mot Fiskeridirektoratet sitt akvakulturregister. Det betyr at informasjon frå registeret vert henta inn i skjemaet automatisk, skriver Fiskeridirektoratet på sine hjemmesider.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fra den 7. november vil lokalitetsnummeret sjekkes automatisk opp mot biomasserapportar, MTB

Dersom ein tastar inn eit lokalitetsnummer som ikkje tilhøyrer selskapet som rapporterer, får ein opp ei feilmelding i skjemaet. I tillegg vert namnet på lokaliteten henta inn i skjemaet automatisk.

Gjeld manuell rapportering

I første omgang gjeld valideringa av lokalitetsnummer berre for biomasserapportar som vert sendt inn manuelt. Om lag 40 % av rapportane vert sendt inn manuelt, det vil seie at dei ikkje vert sendt frå eit fagsystem (som AquaFarmer, FishTalk eller liknande).

Neste steg vert å få på plass ei validering for brukarar som sender biomassedata frå fagsystem.

Les også: Blir miljørapportering i Altinn