«Marcus» i drift ved anlegget Geitryggen i Nord-Trøndelag. Foto: Marine Harvest.

Avluste 10 000 tonn laks fyrste månad i drift

Sidan 11 juli har Marine Harvest Region Nord avlust 10 000 tonn laks med sitt nyaste våpen mot lakselus. - Resultata så langt tilseier at me kan forvente ei effekt på mellom 80 og 100 prosent, seier Ola-Helge Hjetland, kommunikasjonssjef i Marine Harvest.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Han fortel at selskapet framleis er i ein innkjøringsfase med deira nyaste avlusingsflåte, der det er installert Hydrolicer.

- Sidan 11 juli har me avlusa 10 000 tonn laks på seks lokalitetar i region nord. Tilbakemeldingane frå merdkanten er svært gode. Vi har gode erfaringar med Hydrolicer så langt, seier Hjetland til kyst.no

Kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland i Marine Harvest. Foto: LinkedIn

Avlusar på 0,2

Avlusingsflåten er bygd av Vard Aukra og eigd av Dalseide Shipping Services, medan teknologien i hovudsak er utvikla av Marine Harvest.

- Me ser utfordringar ved å vente med tiltak til snittet i anlegget når 0,5 kjønnsmodne lus. Eigensmitten ved slike mengder er høg, som igjen fører til meir lus. Me har difor valt å sette ei eigen grense på 0,2 kjønnsmodne lus for når vi sett inn tiltak.

Selskapet har førebels ikkje gjort berekningar på kor mykje fisk ein kan avluse med Hydrolicer.

- Men me avluste 70 000 tonn med ikkje-medikamentelle metodar i region nord i 2015 og ventar ei auke i 2016, fortel Hjetland.

Miljøvennleg med noko varierande effekt

Kommunikasjonssjefen viser så til at Hydrolicer fjerner lakselus i alle stadier.

- Det er førebels for tidleg å konkludere med effekt, men resultata så langt tilseier at me kan forvente ei effekt på mellom 80 og 100 prosent. Effekten varierar med storleiken på fisken, legg han til.

Avsiling på "Marcus". Foto: Marine Harvest.

Marine Harvest har tidlegare fortald at avlusinga er både miljøvenleg og skånsam då ein brukar sjøvatn og ingen kjemikaliar. Ifølgje verftet som leverte flåten er det og det mest effektive avlusingsverktøyet rekna per tonn laks behandla i time, avlusingsgrad og kilowatt-forbruk.

Les også: - Ser frem til å se den i operasjon

- Lektaren er utstyrt med eigen drivkraft og manøvrerar enkelt mellom merdane. I kontrollrommet har dei tilsette god oversikt over heile operasjonen, forklarar Hjetland.

Selskapet har fått støtte av Innovasjon Norge, saman med Midt-Norsk Havbruk for å utvikle Hydrolicer.

- Dette bidrar til å sikre god dokumentasjon og rask optimalisering, konstaterar han.