Bengt Solheim Olsen. Foto :Fram Flora.

Bengt Solheim-Olsen ny prosjektleder for Kystvegen

Styret i Kystvegen Ålesund-Bergen har inngått avtale med Fram Flora om å lede arbeidet med prosjektet. Avtalen strekk seg ut året 2016, men kan bli forlenga vidare, melder Fram Flora.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Bengt Solheim-Olsen er tilsett som prosjektleiar i ei deltidsstilling. Dette er et viktig steg for å få ein betre struktur og plan på arbeidet i ei viktig tid for Kystvegen, seier Anders Riise, ordførar i Hareid kommune og nestleiar i styret.

-Fram Flora møter ved fleire høve utfordringar hjå næringslivet i regionen når det gjeld vegforbindelse og infrastruktur på kysten. Både felles bu og arbeidsmarknaden frå nord til sør i fylket, og kontakten med samanfallande næringsaktivitet på kysten i nabofylka våre, er avgjerande for å auke verdiskapinga i Sogn og Fjordane. Vi håpar at Fram Flora kan vere med å bidra til god framdrift i prosjektet og sikre at næringslivet får bidra med sitt engasjement gjennom oss, seier Lone Bareksten i Fram Flora. Vi er glade for å ha Bengt på plass i organisasjonen vår og ser fram til å ta fatt på arbeidet i Kystvegen Ålesund – Bergen saman.

-Om litt over eitt år skal Stortinget vedta ny Nasjonal Transportplan, og vi må påverke sentrale myndigheter for å få staten til å ta over ansvaret for Kystvegen samtidig som dei må vise vilje til å prioritere prosjekta langs vegen høgt. I tillegg er Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane godt i gang med si overordna utgreiing av trasear gjennom deira fylke, der er det viktig at Kystvegen er tett på og samarbeidar godt med kommunane om å velge gode, offensive og framtidsretta løysinga, seier Bengt Solheim-Olsen.

- Der er mange spennande delprosjekt langs aksen vår. Blant anna Rovdefjordbrua, Hafast, Masfjordbrua og «45-minuttsregionen» mellom Måløy og Florø jobbar godt med sine, så må vi sørge for at vi finn gode måtar å få fart i arbeidet andre stader langs vegen også. Vi skal være ein pådrivar for å knytte kysten saman, slik kan vi skape meir vekst og utvikling og lage nye felles bu- og arbeidsområder. Samfunnsutvikling opptar meg, og ingenting er viktigare for ei god utvikling i vår region enn Kystvegen er. Derfor gledar eg meg stort til å jobbe med dette, i lag med dei dyktige medarbeidarane til Fram Flora, avsluttar den ferske prosjektleiaren.