Besøkstalet på kyst.no auka med 100%

- Over all forventning, og særs gledeleg, seier redaktør for kyst.no, Gustav-Erik Blaalid i ein kommentar til den positive utviklinga.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Av Kari Johanna Tveit

Tre månadar etter at Norsk Fiskeoppdrett og kyst.no lanserte fleire nye tenester på kyst.no, har lesartalet gått opp med 100%. Statistikken syner at det er den nye Planleggeren for fiskeri og havbruksnæringa som sørger for ein vesentleg del av besøksutviklinga. Men tala syner også at tilbudet med formidling av forskingsresultat frå dei ulike forskingsinstitusjonane er interessant for mange av lesargruppene. Ideen om å etablere ein planleggaren kom etter innspel frå aktørar i næringa som ønskte betre oversikt over ulike næringsretta arrangement, men også frå arrangørar som var frustrert over kor vanskeleg det var å sikre at det ikkje vart kollisjon mellom ulike arrangement retta mot same målgruppe.

Behovet for ein planleggar

Jan Petter Kosmo i MonAqua AS har både lagt arrangement i planleggaren og brukt annonseplass. -Den gir oss full kontroll på kva som føregår og er ein kjempegrei måte å halde seg oppdatert på.  I tilegg gir den god oversikt når vi skal planlegge eigne arrangement, seier Kosmo til kyst.no. Han legg til at annonsene dei har i kalenderen, med link til MonAqua si nettside, har genererte mange treff.

Fleire leser nyheitene

Ein effekt av at talet på lesarar er dobla på tre månader, er at stadig fleire ikkje berre søkjer etter arrangement eller forskningsartiklar, men at nyheitssakene har fått mange fleire lesarar. - Utviklinga viser at vi er på rett spor. Kyst.no skal vere eit supplement til Norsk Fiskeoppdrett og yte ein service som ikkje er mogeleg å yte i eit månadsmagasin. Som til dømes Planleggeren med tilnærma komplett oversikt over møter og arrangementer i oppdretts-og fiskerinæringa, seier Gustav-Erik Blaalid.

- Vi skal halde fram med å reindyrke analyse og fagleg stoff i bladet og la kyst.no bli ei service-og nyheitsside. Ambisjonen er at desse to tilsaman skal gi det beste tilbodet til næringsretta informasjon til aktørane i oppdrettsnæringa i Norge, seier han.