Gå til innhold
Annonse

Blom Fiskeoppdrett sigra over staten i Lagmansretten

Daglig leder Blom Fiskeoppdrett AS, Øyvind Blom. Foto: Blom Fiskeoppdrett AS.
Daglig leder Blom Fiskeoppdrett AS, Øyvind Blom. Foto: Blom Fiskeoppdrett AS.

Forsvarsdepartementet ville at Blom Fiskeoppdrett skulle stanse drifta ved deira etablerte lokalitet i Laksevika, ettersom det vart vedtatt ei forskrift om militære forbodsområder der anlegget var lokalisert. No har Gulating Lagmansrett konkludert med at det kan dei ikkje.

Annonse

Blom Fiskeoppdrett har drive fiskeoppdrett i Laksevika i Herdlefjorden i Meland kommune med nødvendige løyver sidan 1995. Sidan då har Forsvaret i samarbeid med Nederland og Tyskland etablert eit anlegg for måling av støy frå undervassbåtar og skip i området.

I 2010 med verknad frå 1. januar 2011 vart det vedtatt ei forskrift om militære forbodsområder innan Sjøforsvaret, og Blom sitt oppdrettsanlegg vart liggjande i forbodsområdet. Dei fekk halde fram produskjonen, men nokre forbod i forskrifta frå forsvaret var uklare når det gjelt verksomheita som allereie var etablert.

I 2013 søkte Blom Meland kommune om å få utvide sin aktivitet og søkte samstundes om dispensasjon frå kommuneplanen om bruk av areal i sjø. Meland kommune ga dispensasjon. Forsvaret innklaga vedtaket til Fylkesmannen i Hordaland. Det vart mellom anna vist til at verksemda var i strid med forskrift om militære forbodsområder innan Sjøforsvaret.

Sjøforsvaret vann i Tingretten, men Blom anka dommen.

I domsslutninga til Gulating Lagmansrett står det klart at etableringa frå Forsvaret ikkje gjev heimel til å forby Blom Fiskeoppdrett AS å drive, endre eller utvide eksisterande oppdrettsverksemd i Laksevika.

Staten ved Forsvarsdepartementet vert dømt til å betale Blom Fiskeoppdrett sine kostnadar for lagmannsretten med drøye 166 tusen kroner, samt betale oppdrettarane sine kostnadar for tingretten med drøye 255 tusen kroner, innan to veker rekna frå kunngjering av dommen.

Kva som skjer ved lokaliteten framover seier dagleg leiar Øyvind Blom dei kan uttale seg om når dommen vert rettskraftig. Det har ikkje vore fisk på lokaliteten sidan veke 32 i 2017.

Ankefristen er om ein månad.

Annonse