Bok-røre om Pan Fish

Ei bokmelding signert Jarle Kvalheim i siste utgåve av Norsk Fiskeoppdrett har skapt debatt. - Debatten har blitt ei skikkeleg bok-røre, meiner redaktør Gustav-Erik Blaalid.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Av Kari Johanna Tveit

Bokmeldinga i Norsk Fiskeoppdrett nr. 11 er signert JK, men bak initialane står Jarle Kvalheim. For dei aller fleste kjend for Noregs-historias største momssvindel, noko han fekk 7 års fengsel for, og som han no har sona to av.

- Kvifor Jarle Kvalheim som bokmeldar? - Utgangspunktet var tilfeldig, men det måtte vere nokon som kjenner næringa og spesielt historia til Pan Fish godt. Eg spurde om han kunne tenkje seg å skrive ei melding om boka, og det gjorde han, seier redaktøren i Norsk Fiskeoppdrett, Gustav-Erik Blaalid. - Det har vore reist kritikk for at Jarle Kvalheim ikkje har skrive med fullt namn, kva er din kommentar til det? - Jarle Kvalheim ville sjølv bruke initialane sine, noko som er svært vanleg når det gjeld bok-eller musikkmeldinger, eller debattinnlegg for den del. Eg aksepterte det, men har aldri lagt skjul på at JK er Jarle Kvalheim. Og kvifor skulle eg det, undrar Blaalid.  -Men når det er sagt, så viser jo debatten at akkurat i denne saka burde eg tenkt på at det var lurt å ha heile navnet under, seier Blaalid som elles er godt nøgd med bokmeldinga. - Den er balansert, den gir forfattar Aslak Berge honnør for å vere grundig, og det står at boka er godt skriven. Men Kvalheim legg ikkje skjul på at dette er ei bok for dei som allereie kjenner historia godt, seier Blaalid. - Det har og vore trekt fram at Jarle Kvalheim er svindeldømd, og at han er omtala i boka. Kva seier du til det? - At Kvalheim er dømd fråtek han ikkje grunnleggande menneskerettar som til dømes ytringsfridomen. Han er omtala i boka, ja, men han har aldri vore ein del av Pan Fish-systemet, berre handla med dei. Det skulle vore interessant dersom matjournalistane ikkje kunne skrive restaurantspaltane sine fordi dei et der, seier Blaalid.

Bok-røre

Men reaksjonane har ikkje lete vente på seg. Avisa Fiskaren har på leiarplass kritisert både Norsk Fiskeoppdrett og redaktør Gustav-Erik Blaalid for etiske overtramp. - Samstundes som Fiskaren på leiarplass rykkjer ut med forsvar for Aslak Berge som er journalist i Fiskaren/Intrafish-konsernet, har avisa i samme utgåve ei annonse for Pan Fish-boka som "Årets julegave", utgitt på Octavian Forlag som er Aslak Berge sitt private forlag. Det meiner eg er langt over streken. Redaktøren i Fiskaren burde tone kraftig ned, for rundt han singlar det i glas frå glashuset, seier ein lettare oppgitt Blaalid. Han er i tillegg skeptisk til debattar som dette der forfattaren av ei boka får lov til å stå fram og reklamere for boka i beste sendetid. - Dersom det er den etiske sida ved bokmeldinga som er saka, burde ein ha trekt inn heilt andre personar enn forfattaren, meiner Blaalid, som siterar redaktøren i journalistane sitt fagblad, nettavisa Journalisten, sitt generelle råd i slike saker: Alle som tipsar har motiv, spesielt dei som har noko å selje.