Biprodukter råstoff. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

- Bruker nasjonale bioressursar på nye og kreative måtar

- Forskningsrådet deler no ut om lag 133 millionar kroner til sju nye prosjekt som skal utvikle norsk bioøkonomi vidare, melder regjeringa.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

− Prosjekta har til felles at dei vil gi kunnskap som sikrar betre ressursutnytting, aukar verdien på biologisk råstoff, samstundes som dei legg til rette for nye og berekraftige næringar. Dei treff difor godt på dei områda som vert løfta fram i regjeringa sin nye bioøkonomistrategi, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Det er BIONÆR, Forskningsrådet sitt program for berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar som tildeler midla. BIONÆR er finansiert av Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Betre utnytting av norske bioressursar

Forskarane skal mellom anna finne ut korleis mykje av restråstoffet i land- og havbruk kan nyttast på nye måter. Det som tidlegare, i beste fall vart omdanna til varme eller i verste fall kasta, kan som følgje av denne forskinga sorterast ut og inngå i utvikling av nye produkt.

− Gjennom denne tildelinga får vi prosjekt som koplar kunnskap om våre fornybare naturressursar med behovet for verdiskaping. Å nytte bioressursar i nye berekraftige kretsløp vil gje viktige bidrag til å utvikle grøn konkurransekraft i norsk næringsliv, seier Fridtjof Unander, divisjonsdirektør i Forskningsrådet.

BIONÆR sin tildeling av forskningsmidler går til mellom anna desse prosjekta:

Mikroalgar til mat og fôr 

Ei prosjektgruppe leia av NIBIO skal teste ut bruk av mikroalgar i produksjonen av øl og brød. I tillegg skal dei nytte fettsyrene i algar til fiskefôr..

Insekt gjer avfall til ressursar

NIFES sitt nye prosjekt byggjer på at insekt omdannar organisk avfall til verdfulle protein. Difor kan insektmjøl utgjere ei høgkvalitetsproteinkjelde i dyrefôr, med spesiell relevans for fisk og fjørfe, som er insektetarar i sine naturlege miljø.

Resirkulering av fosfor fra biprodukt frå land- og havbruk

Tidlegare forsking har vist at mengden av fosfor i biprodukt frå norsk land- og havbruk, hovedsakleg husdyrgjødsel og fiskeavfall, er meir enn fire gonger høgare enn det årlege behovet for fosfor i gjødsel. Selv om behovet er forventa å auke 12 gonger innan 2050, er ambisjonen å undersøkje om det er mogeleg å erstatte all import av mineralsk fosfor med ubrukt fosfor frå land- og havbruk, som i dag blir akkumulert i jordsmonn og akvatiske system, innan 2030. Prosjektet blir leia av NTNU.