Mowi konkluderer med at alle dei analyserte individene var fisk av Mowi-stamme og kom frå fire ulike fiskegrupper. Foto: Forskning.no

DNA-sporing av oppdrettslaks gav resultat

Rømt oppdrettslaks fanga i Åna-Sira, Kvina og Sokna i haust kom frå Mowi. Det er selskapet sjølv som har informert Fiskeridirektoratetet etter å ha analysert prøver av fiskene.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fiskeridirektoratet fekk i haust meldingar om fangstar av rømt oppdrettsfisk i Åna-Sira, Kvina og Sokna. Fisken var i storleiken 1-2 kg.

Dei aktuelle oppdrettsselskapa i området vart bedne om å sjekke sine anlegg, men ingen av desse meldte om avvik som kunne knyttast til rømming.

Både Fiskeridirektoratet og Mowi samla inn prøver av den rømte fisken for å kunne foreta sporing.

Mowi er den største akvakulturverksemda i området og den som ligg nærast dei aktuelle elvene.

Resultat frå DNA-analysar

Mowi har ferdigstilt sin analyse og sendt denne til Fiskeridirektoratet. Dei konkluderer med at alle dei analyserte individene var fisk av Mowi-stamme og kom frå fire ulike fiskegrupper. Desse fiskegruppene står på tre ulike lokalitetar i Flekkefjord-området.

Fiskeridirektoratet har hatt tiltak

På bakgrunn av tipsene om rømt oppdrettslaks fekk Fiskeridirektoratet sett i verk tiltak i dei tre vassdraga iløpet av hausten. Det var personell frå Norce som utførte overvaking ved hjelp av snorkling. I tillegg har elveeigarlaga organisert utfiske.

Oppfølgjing av selskapet

Fiskeridirektoratet vil på bakgrunn av resultatene opprette ei tilsynssak mot Mowi. Sentrale punkt vil vere rutinar for å oppdage og rapportere om rømming.

Fiskeridirektoratet vil også vurdere å pålegge selskapet eit ansvar for miljøovervaking i vassdraga.