Doktorgrad om verdikjeder i sjømat-industrien

Andreea L. Cojocaru (33) disputerer ved Universitetet i Stavanger med ei avhandling om marknadsmekanismar innanfor sjømat-industrien.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sjømat har blitt eten, kjøpt og seld og skapt livsgrunnlag for folk i tusenvis av år. Mange framsteg har gitt verda dei verdikjedene for sjømat vi ser i dag: Betre logistikk, retningsliner og leiing og stordriftsfordelar har ført til auka produksjon av sjømat. Slike framsteg har i sin tur gjort fiskemat konkurransedyktig som proteinkjelde.

I dag bidreg akvakultur og fiskeri med om lag kvar sin halvdel av sjømaten som er tilgjengeleg for menneskeleg konsum. Andreea L. Cojocaru har i doktorgradsarbeidet studert ulike emne som er relevante for verdikjeder innanfor dei to industriane.

Økonometrisk analyse

Avhandlinga hennar ser først i detalj på korleis verdikjeda for Atlanterhavslaks i Noreg, den største produsenten, måler seg mot den moderne verdikjeda for kylling. Cojocaru nyttar økonometrisk analyse for å få fram ulike sider ved akvakultur, til dømes korleis marknadsintegrasjon blir påverka av biologiske sjokk.

Når det gjeld fiskerinæringa, har ho sett på kva som kjenneteiknar fiskemottak langs kysten av Noreg som har overlevd i konkurransen.

Produksjonsrisiko

Avhandlinga tek også føre seg kva slags faktorar som påverkar produksjonsrisiko i den norske kystflåten. Denne kunnskapen kan også nyttast til å analysere fiskerinæringa globalt. 

Sjølv om avhandlinga har fokus på Noreg, kan kunnskapen også vere nyttig for andre nasjonar som søker ei betre forståing av marknadsmekanismar innanfor oppdrett eller fiskeri.

Om kandidaten

Andreea L. Cojocaru, opphavleg frå Romania, er 33 år gamal og bur i Stavanger. Ho har ein bachelor i aktuarfag og master i statistikk frå universitetet Toronto, Canada. Ho har også ingeniørfagleg mastergrad i finans og aktuarfag frå det katolske universitetet i Leuven, Belgia.

Cojocaru har jobba med risikostyring i forsikringsbransjen i Belgia og vore biostatistikar ved eit barnesjukehus i Toronto. No har ho ei postdoktorstilling på Handelshøgskolen ved UiS.

Disputas

Cojocaru disputerte på Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet den 12. februar, med avhandlinga Studies of supply chains in the aquaculture and fishing industries.

Hovudrettleiar i doktorgradsarbeidet var professor II Frank Asche.