Norsk laks i Shanghai

EFTA-avtale med Egypt

Handelsavtalen mellom EFTA-land og Egypt er sett i verk frå 1. august 2007. Etter 10 år med forhandlingar vart handelsavtalen forhandla ferdig tidlegare i år, melder FHL.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I forhandlingane oppnådde EFTA preferensiell behandling for ei rekke industrivarer og fisk frå iverksetjing av avtalen, noko som er med på å skape betre vilkår for norske bedrifter som eksporterer til Egypt. Ein del varegrupper vil vere gjenstand for tollkvoter og tollavtrapping. Handelsavtalen med Egypt opnar også for frihandel med fisk på sikt. I avtalen forpliktar Egypt seg til å redusere tollsatsane for ei rekke produkt. Seks år etter at avtalen er sett i verk, vil kvotene for ei rekke produkt opphøyre slik at produkta vert tollfrie. Det tas sikte på at all gjenståande importtoll for fisk og fiskeprodukt med opphav i EFTA-landa vert fjerna 14 år etter iverksetjing av avtalen. For dei viktigaste produkta frå Noreg vil avtalen gi fylgjande situasjon

Kapittel

Kvote

Tollreduksjon innanfor kvoten

0302 fersk og kjølt fisk *

1000 tonn

100 %

0303 fryste fisk*

1000 tonn

100 %

0304 fiskefilet *

1000 tonn

100 %

0305.51 torsk, tørka

1000 tonn

100 %

Fisk, salta men ikkje røykt*

0305.61 sild

0305.62 torsk

0305.63 ansjos

0305.69 andre

1000 tonn

100 %

0306  Krepsdyr*

500 tonn

100 %

0307  Bløtdyr*

300 tonn

50%

 

 

 

* Desse kvotane vil verte auka med 16 % årleg. Seks år etter iverksetjing vil kvotane verte avvikla og produkta vil få null toll.