Bjarne Gjerde. Foto:Nofima.

Etterlyser dokumentasjon på at avl mot lus er eit sisyfosarbeid

Seniorforskar ved Nofima, Bjarne Gjerde, er ikkje samd i Erik Sterud sin vurdering av korleis avl for lakselusmotstand hos laks vil kunne enda i eit evig arbeid, der lusa raskt tar igjen forspranget forskarane gjer gjennom avl. No etterlyser han dokumentasjon frå kritikarane.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- På Kyst.no 14. april garanterer Erik Sterud at avl for auka motstand mot lus er fåfengt arbeid. Lusa vil tilpasse seg laksen, og vil til og med bli meir skadeleg for laksen, fordi lusa har eit langt kortare generasjonsintervall enn laksen. I så fall bør ein vel i enno større kunne hevde det same når det gjeld avl mot bakteriar og virus som har eit langt kortare generasjonsintervall enn lusa. Den formidable positive effekten av avl mot IPN hos laks er godt dokumentert  og talar for at dette mest truleg er ei oppkonstruert problemstilling, seier Gjerde.

Han visar til at det same argumentet tidlegere er brukt mot avl for auka motstand mot parasittar hos andre dyr.

- Hos sau er det funne arveleg variasjon i motstand mot parasittar i både tarm og hud, og også dokumentert auka motstand gjennom avl. Men ein har ikkje kunne dokumentere at parasitten har tilpassa seg vertsdyr med større motstand mot parasitten. Hos sau blir det difor tilrådd at utval for auka motstand mot parasittar gjennom avl bør vere ein integrert del av andre

tiltak mot parasittar, sier han.

Truleg svært låg evne til å tilpasse seg avl

- I eit teoretisk artikkel har forskarar frå Australia og Skotland studert parasitt-tilpassing hos vertar med ulik genetisk motstand mot ein parasitt. Dei konkluderer med at den arvelege variasjonen som er tilgjengeleg for parasitten til å tilpasse seg ein vertspopulasjon med aukande motstand mot parasitten mest truleg er svært låg, og at det difor er lite sannsynleg at parasitten vil endre seg som fylgje av eit avlsarbeid for auka motstand mot parasitten.

Han understreker det er ein større eller mindre risiko forbunde med dei fleste tiltak mot lus.

- Men at risikoen skulle vere spesielt stor ved avl jamført med andre tiltak som legemidlar, eller av ein mogleg framtidig vaksine, er lite sannsynleg av ulike årsaker.

Han visar til at ein genetisk endring i ein parasittpopulasjon er proporsjonal med det seleksjonspresset ein legg på parasitten.

- Dette seleksjonspresset er svært stort ved bruk av legemidlar som drep praktisk talt alle parasittane utanom dei få som er resistente mot det aktuelle legemiddelet. Avl for auka motstand mot lus hos laks er ein langt meir dynamisk og breispektra (truleg svært mange gen involvert) og langsam prosess fordi motstanden mot lus hos verten (a) sjeldan er fullstendig, (b) varierer mellom fisk, og (c) relativ liten per laksegenerasjon.

Utfordrer Sterud til dokumentasjon

Han trur difor at avl mot lus bør vere eit mindre risikofylt tiltak enn bruk av legemidlar, eller ein vaksine som mest truleg vil vere retta mot ein spesifikk mekanisme i samspelet mellom vert og parasitt.

- Erik Sterud sin påstand om at avl mot lus er eit fåfengt arbeid krev ein dokumentasjon, noko eg også spurt etter tidlegare når andre har hevda det same, men utan å få noko svar.

Avl kan redusere luseproblemet 

Gjerde seier at målretta avl mot lus vil kunne redusere luseproblemet til eit mindre problem som næringa, i motsetning til i dag, kan leve med.

- På sikt kanskje til eit så lite problem at berre dei fire avlselskapa kan halde den under kontroll, i motsetning til i dag der dette store problemet må løysast lokalt på dei fleste av dei nærare 1000 matfisklokalitetane.

Utfordrer avlsselkapa til dokumentasjon

- Eg vil utfordre avlselskapa til å betre dokumentere overfor næringa at dette er mogleg. Det er svært viktig av fleire årsaker. Store årlege kostander til behandling mot lus, og ikkje minst svekka dyrevelferd forårsaka av alle desse behandlingane.

Han legg til at i tillegg store tapte inntekter fordi næringa ikkje får vekse.

- Dette gjer at den økonomiske verdien av eigenskapen motstandskraft mot lus i avlsarbeidet er lang større enn dagens estimerte behandlingskostnader på 4-5 kroner per kg fisk. Og med ein slik dokumentasjon på plass blir kanskje også Erik Sterud med på avlslaget mot lusa, sier han.