Foto: Fiskeridirektoret.

Får 9,5 millionar til utvikling av «min side»

- Som eit ledd i digitaliseringsprosessen i direktoratet, lagar vi no «min side» som skal gje sikrare og betre dialog mellom brukarane og direktoratet. Difi går inn i prosjektet med om lag 9,5 millionar av ei totalramme på 19 millionar, skriv Fiskeridirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- «Min side» skal gje sikrare, enklare og meir føreseieleg, tilgjengeleg og brukarvenleg dialog mellom direktoratet og næringsaktørane – og vere med å sikre likebehandling. Med denne løysinga vert sakshandsaminga elektronisk der ein mellom anna skal kunne følgje sin søknad, sjekke sine kvoter og finne sporingsdata, driftsplan og miljøundersøkingar, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

I samarbeid med brukarane og AltInn

«Min side» blir ein del av fiskeridir.no, og vil vere tilgjengeleg 24 timar i døgnet. Plattforma blir utvikla i samarbeid med AltInn med sikker pålogging gjennom ID-porten. Prosjektet startar med akvakultur og etter kvart skal også fiskeri vere med.

- Fiskeridir.no blir ein digital portal der ein del er allmenn og offentleg medan ein annan del er med innlogging og dermed tilpassa den einskilde brukar. I innloggingdelen er innhaldet som fiskarane, oppdrettarane og mottaksanlegga treng samla på ein stad. Kvar aktør får tilgang til ulike databasar og system avhengig av tilgangsstyring i systemet, fortel IT-direktør Bjørn Arvid Sætren.

- Tanken er at brukaren sjølv skal kunne legge inn data i sin profil for å vedlikehalde informasjon, samtidig som ein enklare får tilgang til sine eigne data.

- «Min side»-prosjektet startar opp i år og skal vere klart for alle brukarane i løpet av 2018. Men allereie til hausten vil dei første brukarane få tilgang til ein pilot, og saman skal vi vidareutvikle løysinga. Vi vil ha små og kontinuerlege leveransar og godt samarbeid med brukarane, seier Sætren.