Slakting av laks

FHL: - Ja til differensiert arbeidsgjevaravgift

Det har vore fleire oppslag siste dagane om at den differensierte arbeidsgjevaravgifta kan forsvinne i Trøndelag og på Vestlandet. FHL meiner at dette ikkje bør ramme fiskerinæringa.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

EU-kommisjonen fastsette i juni 2013 reviderte retningsliner for regionalstøtte under statsstøtteregelverket. Desse er grunnlaget for den differensierte arbeidsgjevaravgifta.

ESA har etter dette kome med eit utkast til sin versjon av desse retningslinene. Etter det som no har kome fram, meiner Kommunal- og regionaldepartementet at ESA har lagt seg på ein mindre fleksibel modell enn Kommisjonen, noko som vil få betyding for arbeidsgjevaravgifta i Midt-Noreg og Vestlandet. ESA har frist til 11. september med å vedta retningslinene.

- Fisk er ikkje ein del av EØS-avtalen og nyt heller ikkje godt av fordelane i avtalen, seier FHL. Foto: Kleiva Fiskefarm AS og Gratanglaks AS

Under press

Den differensierte arbeidsgjevaravgifta har vore under sterkt press tidlegare. Etter pålegg frå ESA blei systemet med regionalt differensierte satsar vesentleg innskrenka etter 2003. ESA meinte då at den norske ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift var ulovleg statsstøtte etter EØS-regelverket. Fiskeri- og landbrukssektoren vart ikkje omfatta av dette og fekk vidareføre dei reduserte satsane.

Argumentasjonen bak dette var at fisk ikkje er ein del av EØS-avtalen og heller ikkje nyt godt av alle dei fordelane som avtalen gir. Fisk fell difor utanfor kompetanseområdet til ESA, og ESA kan dermed ikkje fatte vedtak som angår fiskerinæringa. I 2007 blei ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift gjeninnført i mesteparten av området som tidlegare hadde fått nedsett avgiftssatsane.

EØS-avtalen

FHL meiner at den argumentasjon som låg til grunn for at fiskerisektoren ikkje vart omfatta av innstramminga i 2003 framleis er gyldig. Det har ikkje skjedd endringar i EØS-avtalen eller på fiskeriområdet som tilsei at ESA sitt kompetanseområde på dette feltet har endra seg.

Dei generelle statsstøttereglene i EØS-avtalen gjeld ikkje for fiskerinæringa, og FHL meiner det er viktig at norske styresmakter framleis forfektar det synspunkt at ESA ikkje har kompetanse til å vurdere statsstøtte i fiskerinæringa.