Liv Holmefjord

Fiskeridirektøren vil ha eit enkelt havbruksfond

– Vi meiner fondet vert ein viktig reiskap for å oppnå berekraftig utnytting av kystsona, og at drift av fondet må gjerast så enkelt som mulig, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Midlande frå fondet må gå til det som er tenkt og ikkje til administrasjon av fondet.

Dette er noko av det Fiskeridirektoratet skriv i sitt svar til Nærings- og fiskeridepartementet si høyring om innretting av havbruksfondet.

Kommunane bør oppleve større positive ringverknader frå havbruksnæringa når dei planlegg areal til akvakultur og fondet skal virke stimulerande for at kommunane legg til rette for nye og eigna areal til akvakultur.Store delar av vederlaget frå eit havbruksfond bør difor desse kommunane få.

Så enkelt som mulig

Fiskeridirektoratet rår til at havbruksfondet vert innretta på enklast mulig måte.

– Forvalting av fondsmidlane må ikkje få unødvendig høge administrative kostnader, og utbetalingane må vere føreseielege, enkle og lite baserte på skjønn, meiner Holmefjord.

Fondet må vere nasjonalt for å unngå ulik handsaming mellom regionar eller fylke.

Ved å bruke akvakulturregisteret kan Fiskeridirektoratet forvalte fondet. Midlar som er betalt inn til fondet innan ein sett dato bør betalast ut same år.

Fiskeridirektoratet har erfaring med å krevje inn gebyr frå oppdrettsnæringa. Vi forvaltar akvakulturregisteret, som er nøkkelen til både registrering av vekst og utrekning av lokalitetskapasitet. Registeret kan difor vere eit eigna verktøy for gjere utbetaling til kommunane enkelt.