Fiskeridirektør Liv Holmefjord, i Fiskeridirektoratet. Foto: Therese Soltveit.

Foreslår strengare regulering av lusemiddelutslepp

Fiskeridirektoratet har nå sendt forslag til Nærings- og fiskeridepartementet til tiltak for å motverke negative miljøeffektar knytt til behandling mot lakselus.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fiskeridirektoratet foreslår følgjande fire tiltak i en pressemelding:

  • Forbod mot utslepp ved bruk av ikkje godkjente kombinasjonsmetodar
  • Det skal mellom anna berre vere tillate å bruke kitinsyntesehemmarar på anlegg som tilfredsstiller beste miljøkrav
  • Innføring av droppsoner for utslepp av behandlingsvatn frå brønnbåtar
  • Dokumentere om lusebehandlinga er miljømessig forsvarleg

– Fiskeridirektoratet har levert eit forslag med konkrete tiltak som vi meiner vil redusere negative miljøeffektar av behandling mot lakselus. I tillegg vil Mattilsynets legemiddelkampanje bidra til å redusere risikoen for negative effektar på miljøet, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Bakgrunnen for forslaget er at bruk av lusemiddel i ein del samanhengar er ein miljørisiko ved oppdrettsanlegga langs kysten. Det har spesielt vore ein del merksemd knytt til bruk av kitinsyntesehemmarar og kombinasjon av ulike middel, og at desse er skadeleg for reker, hummar, krabbe og andre krepsdyr i nærleiken av oppdrettsanlegg der det vert avlusa fisk.

Forslaga til tiltak skal no handsamast i Nærings- og fiskeridepartementet og deretter vil framlegg til endringar i regelverket bli sendt på høyring.

Høyringsnotatet kan lesast her