Gå til innhold
Annonse

Forslag til regulering av oppdrett i Hardangerfjorden

Kristine Gramstad
Kristine Gramstad

- Hardangerfjorden har spesielle og særeigne utfordringar som i hovudsak heng saman med at villaksstammane har vore svake i mange år, og at sjøauren har hatt eit for høgt lusepress i lang tid. Ei ny forskrift som vil bidra til å betre situasjonen, vert sendt på høyring med det første, sa statssekretær Kristine Gramstad på EWOS sitt seminar på Solstrand før helgen.

Annonse

I høyringa vil departementet foreslå at inntil 50 000 tonn biomasse kan stå i kommersielle anlegg som vert brukte i dag. Overskytande biomasse kan enten unyttast innanfor Hardangerfjordområdet i produksjonsløysingar som samsvarer med dei som vert godkjende i den nye tildelingsrunden for 2013, eller flyttast ut av området til ein annan stad i Fiskeridirektoratets region vest.

- Hovudføremålet med høyringa er å skaffe eit så godt grunnlag for å ta ei avgjerd som mogleg, seier statssekretær Gramstad.

- På denne måten vil oppdrettsnæringa i Hardanger kunne halde fram som normalt med 50 000 tonn ståande biomasse, medan ”grøne produksjonsløysingar” må nyttast til all produksjon ut over det. Eg meiner vi her har funne ein måte å handtere situasjonen på som både tek omsyn til villfisken, til havbruksnæringa og samstundes stimulerer til å utvikle meir miljøvennlege produksjonsløysingar, seier Kristine Gramstad.

Dersom ein etter høyringa tek avgjerda om å fastsetje eit forvaltningsregime som foreslått i kraft, vert det etablert ein genbank for å sikre genmateriale frå dei aktuelle villaks- og sjøaurebestandane i Hardanger.