Det er på slike flåtar straumaggregata skal brukast. Foto: Steinsvik AS.

Forsyner havbruk verda over med straum

- Det er tøft å sende i veg ei levering straumaggregat frå ”der ingen skulle tru” og ut i den store verda, seier Arve Søreide, salssjef i Østerbø Maskin AS i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Østerbø Maskin leverte før helga eit parti med straumaggregat til eit verft i Polen. Der skal dieselaggregata monterast på fôrflåtar som skal vidare ut til havbruk rundt i verda, skrivar selskapet i ei pressemelding.

Fullasta tralle med aggregat. Foto: Østerbø Maskin.

- Denne leveransen er til Steinsvik AS forflåtar som til Spania, Shetland og Canada, seier Søreide, -Tidlegare har vi levert til blant anna Island, Skottland og Færøyane.

Østerbø Maskin har lang erfaring i å levere straumaggregat til straumforsyning og reservekraft til både havbruk og settefiskanlegg.

- Havbruk er ein bransje vi kjenner godt og leverer både fleire produkt og litande løysingar til, avsluttar Søreide.