Fredriksen kan utfordre Cermaq

I går vart det kjent at Cermaq er i kontakt med eigarane av Empresas Aqua Chile S.A om ein mogeleg transaksjon, men Klaus Hatlebrekke i DnB Nor Markets utelukkar ikkje at Pan Fish også kan kaste seg inn i kampen om selskapet.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I går vart det kjent at Cermaq har innleia samtalar om kjøp av Empresas Aqua Chile S.A. Dette vart stadfesta i ei børsmelding. Trur på fleire aktørar Fiskeanalytikar Klaus Hatlebrekke i DnB Nor Markets trur fleire aktørar kan vere inntressert i Aqua Chile. -Er selskapet til salgs, er det som regel den som er villig til å betale mest som får det. Men Pan Fish og Cermaq er berre to av mange alternative, dersom eigaren er villig til å selje, seier Hatlebrekke til dn.no. Pan Fish sin produksjon i Chile er i dag på omlag 120.000 tonn i året, og eit eventuelt kjøp av Aqua Chile vil doble denne produksjonen. Cermaq produserar i dag mellom 50.000 og 60.000 tonn laks årlig i Chile. Eit eventuelt oppkjøp av Aqua Chile vil auke produksjonen med 120.000 tonn i året. Positivt med oppkjøp Hatlebrekke trur Cermaq kan hente ut store synergieffektar frå eit eventuelt oppkjøp. På same tid meinar han Cermaq sine planar om kjøp syner at selskapet ser lyst på framtida.